Kazan'-skulen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jan N. I. Baudouin de Courtenay tidleg i karrieren.
Statsuniversitetet i Kazan'.

Kazan'-skulen innan fonologi var ei viktig gruppe språkforskarar i Kazan.[1]

Fonologien som disiplin kan sporast attende iallfall til 1870-talet, då den polske lingvisten Jan Baudouin de Courtenay (1845-1929) skipa Lingvistskulen i Kazan’ (russisk Казанская лингвистическая школа Kazanskaja lingvističeskaja škola). I lag med to av studentane sine, den polske lingvisten Mikołaj Kruszewski (1851–1887) og den russiske lingvisten Lev Ščerba (kyrillisk skrift Лев Щерба, 1880-1944), utarbeidde han ein moderne bruksmåte av termen fonem, som hadde blitt laga i 1873 av den franske lingvisten A. Dufriche-Desgenettes. Det var Jan Baudouin de Courtenay som innførte skiljet mellom morfofonologiske vekslingar og allofoniske vekslingar - eller høvesvis fysiofonetiske vekslingar og psykofonetiske vekslingar, som de Courtenay kalla dei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Anderson, Stephen R. (2021). Phonology in the twentieth century (PDF) (Second, revised and expanded utg.). Berlin: Language Science Press. ISBN 978-3-96110-327-0. ISSN 2629-172X. doi:10.5281/zenodo.5509618. Henta 28 December 2021.