Kazantyp

Koordinatar: 45°28′N 35°52′E / 45.467°N 35.867°E / 45.467; 35.867
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

45°28′N 35°52′E / 45.467°N 35.867°E / 45.467; 35.867

Kazantipneset.
Astronautbilete av Kazantyp.

Kazantyp (ukrainsk Казантип, Kazantyp; russisk Казантип, Kazantip; krimtatarisk Qazan Tip) er eit nes nordaust på Krimhalvøya (i Ukraina) ved kysten av Azovhavet. Kazantyp kjem frå det krimtatariske qazan tüp som tyder botnen av gryta og syner til profilen til neset. Det strekkjer seg 3-4 km ut i sjøen og er 107 meter over havet på det høgaste. Neset er det hordlegaste punktet på Krimhalvøya, og skil Arbatlagunane frå resten av sjøen.

Kazantyp er stort sett dekt av sletter. Sidan 1998 har det vore eit naturreservat i Ukraina. På austsida av neset ligg det gamle ruinar av busetnader som går attende til 2000-1000 fvt.

Kazantypfyret ligg på neset. I 1995-1999 vart det halde ein internasjonal elektronisk musikkfestival kalla Kazantip i nærleiken av neset.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]