Kazimierz Zimny

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kazimierz Zimny


Statsborgarskap Polen
Fødd 4. juni 1935
Tczew
Død

30. juni 2022 (87 år)

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1960, Sommar-OL 1956

Kazimierz Franciszek Zimny (4. juni 193530. juni 2022) var ein polsk langdistanseløpar frå Tczew. Han vann sølv på 5 000 meter ved EM 1958 og EM 1962, samt bronse på same distansen ved OL 1960 i Roma.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Under europameisterskapen 1958 i Stockholm kjempa Zimny og landsmannen Zdzisław Krzyszkowiak om sigeren på 5 000-meteren. Favoritten Krzyszkowiak lukkast drage ifrå på sisterunda og vann med knappe to sekund på ny meisterskapsrekord. Laurdag 5. september 1959 sette Zimny polsk rekord på spesialdistansen med 13.44,4 i Berlin, der Aust-Tyskland og Polen utkjempa landskamp. Han måtte likevel seg slått med to sekund av austtyskaren Friedrich Janke.

I dei olympiske sommarleikane 1960 i Roma rykte Murray Halberg frå resten av finalefeltet, då det var tre rundar att av 5 000-meteren. Karen frå New Zealand makta ikkje å halde oppe den høge farta, så då klokka ringde byrja forfylgjarane, tyskarane Hans Grodotzki og Friedrich Janke, samt Zimny, å hale innpå. Luka opp til Halberg vart stendig mindre, men han klarte å halde unna og vann med eitt sekunds forsprang til sølvvinnar Grodotzki og bronsemedaljør Zimny.

Ved europameisterskapen i Beograd hausten 1962 vart Zimny andremann på halvmila på moderate 14.01,8, slått av den spurtsterke briten Bruce Tulloh, men på plassen føre favoritten Pjotr Bolotnikov.

Zimny var polsk meister 1956 på 1500 meter og 1960, 1965 og 1966 på 5 000 meter.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]