Kazoo
Utsjånad
| Kazoo | |||
| | |||
| Klassifisering | musikkinstrument, voice changer, singing membrane | ||
|---|---|---|---|
| Hornbostel-Sachs klassifisering | 242 | ||
| Døme | |||
Kazoo er eit lite musikkinstrument som skaper lyd ved hjelp av ein vibrerande membran.[1] Instrumentet kan lagast av plast eller metall, medan sjølve membranen er av plast med ei gummipakking. Ein bruker kazooen ved at spelaren nynnar gjennom den største opninga.[2] Lyden blir danna av vibrasjonane frå stemmebanda, det er difor ikkje mogleg å spela ved å berre blåsa i instrumentet.[3]
Instrumentet stammar truleg opphavleg frå eit afrikansk instrument som heiter mirliton, og som blei nytta i samband med religiøse seremoniar.
Den moderne kazooen blei funnen opp ein gong på 1800-talet i USA, og blei deretter særleg brukt av afroamerikanarar. Instrumentet blir brukt i jugband, skiffle, nokre typar jazz og er eit utbreidd komisk instrument.
- Plastkazooar i Kazoo Museum i Beaufort i Sør-Carolina.
- Al Doyle frå Hot Chip speler kazoo.
- Ein kazoo av metall.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kazoo» frå Wikipedia på bokmål, den 15. februar 2026.