Kazuo Ishiguro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kazuo Ishiguro
Kazuo Ishiguro by Kubik.JPG
Verkeleg namn japansk カズオ・イシグロ kanji 石黒一雄 Ishiguro Kazuo
Fødd 8. november 1954
Nagasaki
Yrke Forfatter
Kazuo Ishiguro på Commons
Nobelprisen i litteratur
Nobelprisen i litteratur
2017

Kazuo Ishiguro (fødd 8. november 1954 i Nagasaki i Japan) er ein britisk romanforfattar. Ishiguro vart tildelt Nobelprisen i litteratur i 2017 for sine «romanar med stor emosjonell kraft [som] har avdekt avgrunnen under vår illusoriske kjensle av samband med verda.»[1][2]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Ishiguro vart fødd i Nagasaki i Japan, som barn av Shizuo, ein oseanograf, og Shizuko, ei heimeverande husmor.[3] Familien flytta til England i 1960 då faren hans fekk ei stilling ved National Institute of Oceanography i Guildford i Surrey.[4] Ishiguro gjekk på Stoughton Primary School i Guildford (1960-1966) og på Woking County Grammar School (1966-1973). Etter eit friår, der han m.a. haika omkring i Nord-Amerika, byrja han å studera filosofi og engelsk på University of Kent.[5] Han avbraut studia i eitt år etter det første året og arbeidde som sosialarbeid i Glasgow. Det var på denne tida at han for alvor tok til å skrive litteratur. Han tok bachelorgraden ved University of Kent i 1978, tok eit nytt friår frå studia og arbeidde som sosialarbeidar i London medan han drøymde om å verta musikar. [6] [7] I 1979 byrja han å studera skrivekunst ved University of East Anglia og tok mastergraden i 1980. [8][9][10] Forfattarane Angela Carter og Malcom Bradbury var blant lærarane der.[11] Etter at han vart ferdig med studia, arbeidet han som sosialarbeidar att, men bestemte seg for å verta heltidsforfatter då han var midt i tjueåra.

The New York Times har kalla han «ein av dei mest feira og innverknadsrike britiske samtidsforfattarane i sin generasjon», og han er vorte nominert fire gonger til Bookerprisen.[12][13] Han vann prisen i 1989 for romanen The Remains of the Day (1989), som òg vart filmatisert i 1993 med Anthony Hopkins og Emma Thompson i hovudrollene. I 2008 rangerte avisa Times han på 32.-plass på si liste over «Dei 50 største britiske forfattarane sidan 1945».[14] I 2010 vart romanen hans Never Let Me Go (2005) filmatisert. Never Let Me Go vart òg kringkasta som fjernsynsserie i Japan i 2016.[15]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • (1981) Tre noveller i Introduction 7: Stories by New Writers
  • (1982) A Pale View of Hills
  • (1984) A Profile of Arthur J. Mason
  • (1986) An Artist of the Floating World. – På norsk som Kunstner i den flytende verden, omsett av Kari og Kjell Risvik. (Cappelen, 1987)
  • (1987) The Gourmet
  • (1989) The Remains of the Day. – På norsk som Resten av dagen, omsett av Kari og Kjell Risvik. (Cappelen, 1990)
  • (1995) The Unconsoled. – På norsk som De utrøstelige, omsett av Kari og Kjell Risvik. (Cappelen, 1995)
  • (2000) When We Were Orphans. – På norsk som Tilbake til Shanghai, omsett av Kari og Kjell Risvik. (Cappelen, 2000)
  • (2003) The Saddest Music in the World
  • (2005) Never Let Me Go. – På norsk som Gå aldri fra meg, omsett av Kari og Kjell Risvik. (Cappelen, 2006)
  • 2005) The White Countess
  • (2009) Nocturnes. – På norsk som Nokturner: fem fortellinger om musikk og skumring, omsett av Kari og Kjell Risvik. (Cappelen, 2012)
  • (2015) The Buried Giant

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kazuo Ishiguro får nobelprisen i litteratur». NRK (norsk). 5. oktober 2017. 
  2. Kazuo Ishiguro - Facts. Vitja 5. oktober 2017.
  3. A Study Guide for Kazuo Ishiguro's "The Remains of the Day". 29. juni 2016. ISBN 9781410356444. 
  4. «Kazuo Ishiguro: 'We’re coming close to the point where we can create people who are superior to others'». The Guardian (engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 5. oktober 2017. 
  5. 5,0 5,1 Conversations with Kazuo Ishiguro. 2008. ISBN 9781934110621. 
  6. Taking Note of the Kazuo Ishiguro Archive. www.hrc.utexas.edu.
  7. «Kazuo Ishiguro had to work a tough job to truly understand human nature». Huck Magazine (engelsk). 21. juni 2015. Henta 5. oktober 2017. 
  8. Encyclopedia of British Writers, 1800 to the Present. 12. mai 2010. ISBN 9781438116891. 
  9. Flood, Alison (5. oktober 2017). «Kazuo Ishiguro wins the Nobel prize in literature». The Guardian (engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 5. oktober 2017. 
  10. Adams, Tim (20. februar 2005). «Interview: Kazuo Ishiguro». The Observer (engelsk). ISSN 0029-7712. Henta 5. oktober 2017. 
  11. Wroe, Nicholas (19. februar 2005). «Profile: Kazuo Ishiguro». The Guardian (engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 5. oktober 2017. 
  12. Alter, Alexandra; Bilefsky, Dan (5. oktober 2017). «Kazuo Ishiguro Is Awarded the Nobel Prize in Literature». The New York Times (engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 5. oktober 2017. 
  13. Kazuo Ishiguro wins Nobel Prize in literature. Washington Post.
  14. «The 50 greatest British writers since 1945». The Times (London). 5. januar 2008.
  15. «TBSテレビ「金曜ドラマ『わたしを離さないで』」». TBSテレビ (japansk). (ja-JP). TBSテレビ.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]