Kebaragrotta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kebaragrotta
grotte
Neandertalargravstad i Kebara
Land  Israel
Distrikt Haifa distrikt
Koordinatar 32°33′29.8″N 34°56′14.3″E / 32.558278°N 34.937306°E / 32.558278; 34.937306
Kart
Kebaragrotta
32°33′28″N 34°56′12″E / 32.557719444444°N 34.936672222222°E / 32.557719444444; 34.936672222222
Wikimedia Commons: Kebara Cave

Kebaragrotta (hebraisk מערת כבארה Me'arat Kebbara, arabisk مغارة الكبارة Mugharat al-Kabara) er ei kalksteinsgrotte i Israel i Wadi Kebara, 60 - 65 meter over vestskrenten av Karmelberget i Ramat Hanadiv reservatet i Zichron Yaakov.[1] Grotta var busett mellom 60 000 - 48 000 år sidan og er kjend for funn av hominidar under ei utgraving leia av professor Ofer Bar-Yosef.

Dorothy Garrod og Francis Turville-Petre undersøkte grotta tidleg i 1930-åra, men den klårt viktigaste oppdaginga i Kebaragrotta vart gjort i 1982 då det mest komplette neandertalar-skjelettet til då i verda vart funnen. Det fekk kallenamnet «Moshe» og er datert til kring 60 000 år sidan. Skjelettet bestod av ein stor del av torso (ryggsøyle, ribbein og bekken). Kraniet og det meste av dei nedre lemmene mangla. Tungebeinet var òg bevart, og det var første gongen eit slikt neandartalarbein var funnen.[2]

Kebarakulturen er kalla opp etter denne staden.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. map (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 10. oktober 2013, henta 3. oktober 2014 
  2. Mithen, S.(2006). The Singing Neanderthals: The origins of music, language, mind, and body. Cambridge, MA: Harvard University Press.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]