Kedvesem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Kedvesem»
Singel av ByeAlex
Land Ungarn
Språk Ungarsk
Utgjeve 18. november 2012
Sjanger Pop og alternativ
Lengd 3:24
3:09 (Zoohacker Remix)
Selskap Goldilox
Låtskrivar(ar) Alex Márta
Zoltán Palásti Kovács
ByeAlex-kronologi
«Te vagy»
(2012)
«Kedvesem»


«Kedvesem», kjend som «Kedvesem (Zoohacker Remix)» i samband med Eurovision Song Contest, var det ungarske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framførd på ungarsk av ByeAlex. Songen er skriven av Alex Márta og Zoltán Palásti Kovács.

A Dal 2013[endre | endre wikiteksten]

ByeAlex sendte inn den ungarskspråklege songen «Kedvesem» til Médiaszolgáltatás-támogató és Vagyonkezelő Alap (MTVA) og vart valt ut til å delta i A Dal 2013, den ungarske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013. Bidraget deltok i den andre kvartfinalen, gjekk vidare til den andre semifinalen og gjekk til slutt vidare til finalen. I finalen vann bidraget telefonrøystinga og fekk representere Ungarn.

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

«Kedvesem (Zoohacker Remix)»
ESC2013 - Hungary 01.jpg
Eurovision Song Contest 2013
Land Ungarn
Artist(ar) Alex Márta
Alias ByeAlex
Medverkande Helga Wéber (støttevokalist)
Dániel Kővágó (gitarist)
Språk Ungarsk
Komponist(ar) Alex Márta
Zoltán Palásti Kovács
Låtskrivar(ar) Alex Márta
Resultat
Semifinalepoeng 66
Semifinaleplass 8
Finalepoeng 84
Finaleplass 10
Ungarn i Eurovision Song Contest
«Sound Of Our Hearts»
(2012)
«Kedvesem (Zoohacker Remix)»

I Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige deltok Ungarn med ein remiks av songen med tittelen «Kedvesem (Zoohacker Remix)». Saman med Mónika Hoffmann hadde ein òg skrive eit refreng på svensk, men fekk ikkje framføre dette i tevlinga av di tidsfristen gjekk ut før den nye teksten var klår. Ungarn deltok i den andre semifinalen 16. mai 2013 og enda på åttandeplass med 66 poeng; tolv frå Sveits, ti frå Tyskland, åtte frå Finland, sju frå Albania, seks frå Belgia og Romania, fire frå San Marino, tre frå Israel, Georgia og Frankrike og to frå Latvia og Noreg. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget åttandeplass med ei rangering på 8,39 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på ellevteplass med ei rangering på 8,55. Desse resultata gjeld berre om berre juryane og berre fjernsynssjåarane i alle deltakarlanda hadde røysta, men resultata er likevel upresist av di det ikkje er offentleggjort kor mange røyster kvart land fekk frå juryen og sjåarane.[1] Landet kvalifiserte seg dimed til finalen 18. mai 2013 der dei enda på tiandeplass med 84 poeng; tolv frå Tyskland, ti frå Finland og Sveits, åtte frå Albania, sju frå Nederland, seks frå San Marino og Bulgaria, fem frå Litauen, fire frå Estland og Kroatia, tre frå Sverige og Italia og to frå Hellas, Noreg og Serbia. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget åttandeplass med ei rangering på 8,19 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på 21. plass med ei rangering på 15,59.[1] Dette var den tredje beste plasseringa til eit ungarsk bidrag og Kedvesem vart dimed eit av dei mest suksessfulle ungarske bidraga fram til 2013.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • «Kedvesem (Zoohacker Remix)», Eurovisionversjon
  • «Kedvesem (Zoohacker Remix)», svensk refreng
  • «One For Me», engelsk versjon

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2013) Plassering
Belgia (Ultratip Flandern)[2] 56
Belgia (Ultratip Vallonia)[3] 46
Finland (The Official Finnish Download Chart)[4] 22
Tyskland (Media Control AG)[5] 39
Ungarn (Rádiós Top 40)[6] 1
Ungarn (Single Top 10)[7] 1
Island (Tonlist)[8] 23
Nederland (Mega Single Top 100)[9] 35
Sverige (DigiListan)[10] 10

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]