Keira Knightley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Keira Knightley

Fødd26. mars 1985 (39 år)
FødestadTeddington
FødenamnKeira Christina Knightley
Aktive år1993–
Verka somskodespelar, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, stemmeskodespelar, modell, teaterskodespelar
MorSharman Macdonald
FarWill Knightley
EktefelleJames Righton
SambuarJamie Dornan, Del Synnott, Rupert Friend
PrisarTeen Choice Award for Choice Hissy Fit, Empire Award for Best Actress, Empire Award, offiser av Den britiske imperieordenen

Keira Christina Knightley (fødd 26. mars 1985) er ein britisk skodespelar.

Knightley har spelt i ei rekkje mindre kjende filmar, og spelte mot Natalie Portman i Star Wars episode 1, der Knightley hadde rolla som tenaren til dronninga. Gjennombrotet kom med ei hovudrolle i filmen Bend it like Beckham. Seinare fekk ho svært gode kritikkar for Pirates of the Caribbean, der ho spelte mot Orlando Bloom og Johnny Depp. Same år hadde ho òg ein rolle i filmen Love Actually, som likevel ikkje vart ein umiddelbar suksess. Knightley har spelt mot skodespelarar som Adrien Brody, Mickey Rourke, Hugh Grant, Clive Owen og ei rekkje andre. I ein alder av tjue hadde ho allereie vore nominert til Oscar for beste kvinneleg hovudrolle i filmen Pride and Prejudice.

Bakgrunn og oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Knightley vart fødd i Teddington i Richmond upon Thames i England som dotter av Sharman Macdonald, ein prisvinnande dramatikar, og Will Knightley, ein teater- og TV-skodespelar. Faren hennar er engelsk medan mora hennar er skotsk og delvis walisisk.[1] Ho har ein eldre bror, Caleb, som vart fødd i 1979.

Frå fjortenårsalderen jobba ho både som modell. Knightley har òg studert dans, har dysleksi[2] og heiar på fotball-laget West Ham.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Knightley deltok i fleire fjernsynsfilmar på midten og mot slutten av 1990-talet før ho fekk rolla som Sabé, lokkedua til Padmé Amidalas, i science fiction-filmen Star Wars Episode I: Den skjulte trussel. Knightley fekk rolla grunna likskapen hennar med Natalie Portman som spelte Padmé. Det vart sagt at mødrene til dei to skodespelarane hadde vanskar med å skilja døtrene sine frå kvarandre når dei var sminka.[3] Knightleys første hovudrolle kom i 2001 då ho spelte dottera til Robin Hood i den amerikanske fjernsynsfilmen Princess of Thieves. På same tid fekk ho ei rolle i thrilleren The Hole som vart send ut som direkte-til-video i USA. Ho opptredde i ein miniserie av Doctor Zhivago for fjernsyn. Serien fekk blanda omtale, men hadde høge sjåartal.

I 2018 vart ho utnemnd til offiser (OBE) av Order of the British Empire for sin innsats for skodespelarkunsten og for velgjerande innsats.[4][5]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

År Film Originaltittel Rolle Prisar/nominasjonar
2020 Misbehaviour Sally Alexander
2019 Greed Seg sjølv
2019 The Aftermath Rachael Morgan
2019 Berlin, I Love You Jane
2019 Official Secrets Katharine Gun
2018 The Nutcracker and the Four Realms Sukkerfeen
2018 Colette Gabrielle Colette
2017 Pirates of the Caribbean: Dead Men Tell No Tales Elizabeth Swann-Turnar
2016 Collateral Beauty Amy / "Love"
2015 Everest Jan Hall
2015 Legends of Chima: Fire Vs Ice Rinona
2014 The Imitation Game Joan Clarke
2014 Laggies Megan
2014 Jack Ryan: Shadow Recruit Cathy Mullar
2013 Begin Again Gretta
2012 Anna Karenina Anna Arkadyevna Karenina
2011 A Dangerous Method «Sabina Spielrein»
2010 London Boulevard «Charlotte»
2010 Last Night «Joanna Reed»
2010 Never Let Me Go «Ruth»
2009 The Continuing and Lamentable Saga of the Suicide Brothers Fea
2008 The Duchess «Georgiana»
2008 The Edge of Love «Vera Phillips»
2007 Silk «Hélène Joncour»
2007 Om forlatelse Atonement «Cecilia Tallis» Golden Globe
2007 Pirates of the Caribbean: At World's End «Elizabeth Swann»
2006 Pirates of the Caribbean:Dead Man's Chest Pirates of the Caribbean:Dead Man's Chest «Elizabeth Swann»
2005 Domino «Domino Harvey»
2005 Stolthet og fordom Pride and Prejudice «Elizabeth Bennet» Oscarnominasjon
2005 The Jacket «Jackie»
2004 King Arthur «Guinevere»
2003 Doctor Zhivago (TV) «Lara Guishar»
2003 Love Actually «Juliet»
2003 Pirates of the Caribbean:The Curse of the Black Pearl<br id="mwAYk"><br><br><br> Pirates of the Caribbean:The Curse of the Black Pearl



«Elizabeth Swann»
2002 Guten med prompebuksene Thunderpants ukreditert rolle som elev ved musikkskolen
2002 Pure «Louise»
2002 Skru'n som Beckham Bend It Like Beckham «Jules»
2001 Princess of Thieves «Gwyn»
2001 The Hole «Frankie Smith»
2000 Oliver Twist «Rosa Fleming»
1999 Star Wars Episode I: Den skjulte trussel Star Wars: The Phantom Menace «Sabé»
1996 The Treasure Seekers Prinsessa
1995 Uskyldige løgner Innocent Lies «Unge Celia»
1994 Sommerflørten A Village Affair «Natasha Jordan»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Keira Knightley