Keith Emerson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Keith Emerson

Emerson i St. Petersburg i Russland i september 2008
Fødd2. november 1944(1944-11-02)
FødestadTodmorden i West Riding of Yorkshire i England
Død11. mars 2016 (71 år)
DødsstadSanta Monica i California i USA
FødenamnKeith Noel Emerson
AliasEmo
OpphavStorbritannia
Aktiv1964–2016
Sjanger
InstrumentKlaverinstrument, synthesizer, piano
Tilknytte artistarGary Farr & The T-Bones, The V.I.P.'s, P.P. Arnold, The Nice, Free Creek, Emerson, Lake & Palmer, Emerson, Lake & Powell, 3, Keith Emerson Band, Ayreon
PlateselskapEdel, Victor, Shout! Factory, Varèse Sarabande, Rhino, Manticore, J!MCO Records, Sanctuary, EMI, Marquee Inc., Charly, Gunslinger Records, Cinevox
Verka somMusikar, låtskrivar, komponist, arrangør, produsent
PrisarFrankfurter Musikpreis
Keith Emerson i 1977

Keith Noel Emerson (2. november 194411. mars 2016) var ein engelsk klaverspelar, låtskrivar og filmkomponist. Han spelte klaverinstrument i ei rekkj band før han slo gjennom med The Nice seint i 1960-åra.[1] Han vart internasjonalt kjend for arbeidet sitt med The Nice, der han mellom anna laga rockearrangement av klassisk musikk.[2] Etter han slutta i The Nice i 1970 var han med å skipe Emerson, Lake & Palmer (ELP), ei av dei første progressiv rock-supergruppene. Emerson, Lake & Palmer hadde stor suksess gjennom 1970-åra og vart ei av dei mest kjende progressive rockegruppene på den tida.[1] Emerson skreiv og arrangerte mykje av musikken til ELP på album som Tarkus (1971) og Brain Salad Surgery (1973), der han kombinerte sine eigne originale komposisjonar eller tradisjonelle stykke som vart omgjort til rock.[3]

Då ELP vart oppløyst mot slutten av 1970-åra la Emerson ut på ein solokarriere, skreiv musikk for fleire filmar og skipa banda Emerson, Lake & Powell[1] og 3 med ein liknande stil som ELP.[4] Tidleg i 1990-åra vart Emerson med i ELP att, og dei gav ut to album og gjennomførte fleire turnear før dei igjen vart oppløyste seint i 1990-åra. Emerson vart òg sameint med The Nice att i 2002 for ein turné.[5]

I 2000-åra fortsette Emerson solokarrieren sin, mellom anna med sitt eige Keith Emerson Band og samarbeid med fleire orkester. I 2010 drog han på turné med ELP-medlemmen Greg Lake, og på ein av konsertane i London vart heile ELP samla for å feire 40-årsjubileet til bandet.[6] Det siste albumet til Emerson, The Three Fates Project, kom ut i 2012.[5] Emerson sleit visstnok med depresjon og hadde dei seinare åra utvikla ein nerveskade som hindra han i å spele, og som gjorde han nervøs for å opptre. Han tok livet sitt 11. mars 2016 i heimen sin i Santa Monica i California.[7][8][9]

Emerson vart ofte rekna som ein av dei aller beste klaverspelarane innan progrocken.[1][10][11][12] AllMusic skildra Emerson som «kanskje den største, mest teknisk begava klaverspelaren i rockehistorien».[13]

Diskoggrafi[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

  • Honky (1981)
  • The Christmas Album (1988)
  • Changing States (1995)
  • Emerson Plays Emerson (2002)
  • Keith Emerson Band featuring Marc Bonilla (2008)
  • The Three Fates Project (med Marc Bonilla, Terje Mikkelsen) (2012)

Filmmusikk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «VH1.com: Keith Emerson: Biography». VH1.com. VH1. Arkivert frå originalen 12. juli 2011. Henta 3. august 2019. 
  2. Lupis, Giuseppe (May 2006). The Published Music of Keith Emerson: Expanding the Solo Piano Repertoire (D.M.A.). University of Georgia. s. 5. OCLC 223323019. Henta 3. august 2019. 
  3. Lupis, pp. 6–8.
  4. Hoffmann, Frank W., red. (2005). «Emerson, Lake and Palmer». Encyclopedia of Recorded Sound 1 (2nd utg.). Routledge. s. 374. ISBN 978-0-415-97120-1. Henta 3. august 2019. 
  5. 5,0 5,1 Chagollan, Steve (11. mars 2016). «Keith Emerson, Keyboardist for Emerson, Lake & Palmer, Dies at 71». Variety (Los Angeles, California: Penske Media Corporation). Arkivert frå originalen den 12. mars 2016. Henta 13. mars 2016. 
  6. Allen, Jim (12. mars 2016). «How Keith Emerson Changed the World». Ultimateclassicrock.com. Arkivert frå originalen den 13. mars 2016. Henta 3. august 2019. 
  7. Savage, Mark (15. mars 2016). «Keith Emerson's death ruled suicide». BBC News. BBC. Arkivert frå originalen den 15. mars 2016. Henta 15. mars 2016. 
  8. Lynch, Joe (11. mars 2016). «Keith Emerson of Emerson, Lake & Palmer Dead at 71 of Suicide». Billboard (New York City: Prometheus Global Media). Arkivert frå originalen den 8. april 2016. Henta 3. august 2019. 
  9. Grinberg, Emanuella (12. mars 2016). «Keith Emerson of Emerson, Lake & Palmer Dead at 71». CNN.com (CNN). Arkivert frå originalen den 8. april 2016. Henta 3. august 2019. 
  10. Milano, Domenic (October 1977). «Keith Emerson». Contemporary Keyboard (San Francisco, California: GPI Publications): 22–30, 32, 36, 38, 52. 
  11. Milano, Domenic (September 1980). «Keith Emerson: Rock's Multi-Keyboard King — Then and Now». Contemporary Keyboard (San Francisco, California: GPI Publications): 16–23. 
  12. «25 Giants of Keyboard Music». Keyboard (San Francisco, California: CMP Entertainment Media): 32–42. January 2000. «No one else captured the hearts of fledgling rock keyboardists through the '70s and '80s the way he did.» 
  13. Huey, Steve (2016). «Keith Emerson: Artist Biography by Steve Huey». allmusic.com. AllMusic. Arkivert frå originalen den 15. mars 2016. Henta 3. august 2019. «Throughout his career with the Nice, Emerson, Lake & Palmer, and as a solo artist, Emerson proved himself perhaps the greatest, most technically accomplished keyboardist in rock history.» 
  14. Dryden, K. (2011). «Emerson: Inferno [Original Motion Picture Soundtrack] - Keith Emerson | AllMusic». allmusic.com. Henta 26. juli 2011. 
  15. AllMusic Review by Ken Dryden. «Nighthawks - Keith Emerson | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 13. mars 2016. 
  16. AllMusic Review by Victor W. Valdivia. «Best Revenge [Original Soundtrack] - Keith Emerson | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 13. mars 2016. 
  17. AllMusic Review by Victor W. Valdivia. «Murderock - Keith Emerson | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 13. mars 2016. 
  18. «This Is the Final Tribute Album for Godzilla - Original Soundtrack | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. 4. januar 2005. Henta 13. mars 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Keith Emerson