Keith Forsey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Keith Forsey
Fødd2. januar 1948 (74 år)
FødestadLondon i England
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1960-åra
SjangerRock
InstrumentTrommer, perkusjon
Tilknytte artistarGiorgio Moroder, Steve Schiff, Udo Lindenberg
PlateselskapRCA Victor, Epic, Casablanca, Hansa, Oasis
Verka somMusikar, låtskrivar, plateprodusent
PrisarGolden Globe Award for Best Original Song, Oscar for beste sang

Keith Forsey (fødd 2. januar 1948) er ein engelsk popmusikar og plateprodusent.[1]

Forsey byrja karrieren som trommeslagar for The Spectrum i 1960-åra[2] og som trommeslagaren i Udo Lindenberg sitt Panik Orchester fram til 1976, då han òg spelte perkusjon for Amon Düül II.[3] Seint i 1970-åra var han ein pioner innan disco og arbeidde med artistar som Lipstique, Claudja Barry, La Bionda og Boney M. Han vart trommeslagaren til Giorgio Moroder og spelte på Donna Summer sine discoplater, inkludert Bad Girls. Forsey sitt eige band, Trax, eit samarbeid med Pete Bellotte, var ikkje like populært.[3]

Som Moroder byrja Forsey å produserte musikk sjølv. I 1982 produserte han debutplata til Billy Idol, Billy Idol og gjennombrotsalbumet til Icehouse Primitive Man. Oppfølgjaren til Idol i 1983, Rebel Yell, vart ein stor hit . I 1983 samarbeidde han med Moroder og Irene Cara som låtskriva rpå «Flashdance... What a Feeling» for filmen Flashdance. I 1984 vann songen Oscarprisen. Han var òg medlåtskrivar på meir filmmusikk etter dette, som Ghostbusters, Beverly Hills Cop, The NeverEnding Story og The Breakfast Club. Hitten «Don't You (Forget About Me)» frå The Breakfast Club vart opphavleg tilbode til Simple Minds, som avslo. Men eter at Bryan Ferry, Billy Idol og fleire andre artsitar avslo, vurderte Simple Minds songen på nytt og dei tok han til topp 10 i mange land.

I 2003 produserte Forsey det amerikanske gitarpopbandet Rooney.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bronson, Fred (1. oktober 2003). The Billboard book of number 1 hits. Random House Digital, Inc. s. 616–. ISBN 978-0-8230-7677-2. Henta 24. august 2011. 
  2. Captain Scarlet and the Mysterons - The Vault - Chris Bentley - Signum Books - 2017
  3. 3,0 3,1 3,2 Michael Sutton. «Keith Forsey | Biography & History». AllMusic. Henta 25. april 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]