Keith Howland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Keith Howland
Keith Howland.jpg
Fødd14. august 1964 (55 år)
FødestadSilver Spring i Maryland i USA
OpphavUSA
Aktiv1986 til i dag
SjangerPop, rock
Instrumentgitar, vokal
Kjende instrumentFender Stratocaster
Tilknytte artistarChicago
Verka somMusikar

Keith Howland (fødd 14. august 1964) er ein USA-amerikansk gitarist og songar. Sidan 1995 har han vore sologitarist for bandet Chicago.

Howland starta å spele gitar sju år gamma og spelte i ei rekkje band medan han gjekk på skulen. I 1986 tok han eksamen ved James Madison University innan kommunikasjon. I 1987 flytta Howland til Los Angeles og byrja å arbeide hos Andy Brauer Studio Rentals, som var med å skaffe han verdifulle kontaktar i musikkindustrien. Han spelte sommaren 1993 med Rick Springfield.

I 1995 leita Chicago etter ein ny sologitarist etter at Dawayne Bailey hadde slutta. Holand hadde lenge vore fan av bandet og den opphavlege gitaristen deira, Terry Kath. Howland dukka opp på ei prøvespeling og fekk jobben same dagen.

Howland har òg drive med andre prosjekt utanom Chicago, mellom anna med Chicago-trommeslagaren Tris Imboden. Samarbeidet deira har resultert i to album.

I november 2007 gav Howland ut KeCraig og i 2008 No Place Left to Fall.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Keith HowlandAllmusic. Henta 7. november 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]