Keith Knudsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Keith Knudsen
Fødd18. februar 1948(1948-02-18)
FødestadLe Mars i Iowa i USA
Død8. februar 2005 (56 år)
DødsstadKentfield i California i USA
OpphavUSA
SjangerRock, countryrock, southern rock
InstrumentTrommer, vokal
Tilknytte artistar
Verka somMusikar, låtskrivar

Keith Knudsen (18. februar 19488. februar 2005) var ein USA-amerikansk rocketrommeslagar, vokalist og låtskrivar. Knudsen var mest kjend som trommeslagar og songar i The Doobie Brothers. I tillegg var han med å skipe Southern Pacific i lag med Doobie Brother-medlemmet John McFee.

Han spelte ei kort stund i The Blind Joe Mendlebaum Blues Band, før han spelte trommer for Lee Michaels. Han spelte i The Hoodoo Rhythm Devils frå seint i 1972 til midten av 1973. Gjennombrotet hans kom i 1974 då han vart invitert med i The Doobie Brothers som erstattar for Michael Hossack. Knudsen kom inn under innspelinga av albumet What Were Once Vices Are Now Habits, men song der berre korvokal på eit par songar.[1] Den første plata han spelte trommer på for The Doobie Brothers var på Stampede i 1975. Knudsen var trommeslagar i lag med John Hartman og seinare Chet McCracken fram til bandet vart oppløyst i 1982. Han og John McFee skipa så countryrockbandet Southern Pacific.[2] Gruppa fekk suksess på countrylista og vart oppløyst tidleg i 1990-åra. Sjølv om dei ikkje var med i gruppa på den tida, skreiv dei to songen «Time Is Here And Gone» for Doobies-albumet Cycles i 1989.[3]

Knudsen organisert ein samankomst for The Doobie Brothers i 1987 til støtte for National Veterans Foundation. I 1993 vart han medlem av The Doobie Brothers att på fulltid og var då trommeslagar i lag med Michael Hossack, som han hadde erstatta første gongen han kom inn i bandet. Han skreiv mange songar for albumet deira Sibling Rivalry (2000). I 2005 spelte han trommer på Emmylou Harris-songen «Shores Of White Sand» frå albumet All I Intend To Be.

Sjølv om Knudsen ofte song korvokal for The Doobie Brothers, song han ikkje solo på mange av songane deira, men kan høyrast solo på «Double Dealin' Four Flusher» frå Stampede på nokre korte linjer.

Knudsen døydde av lungebetennelse i Kentfield i California, berre 56 år gammal.[4]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med the Doobie Brothers (studioalbum)[endre | endre wikiteksten]

Med Southern Pacific[endre | endre wikiteksten]

  • Southern Pacific (1985)
  • Killbilly Hill (1986)
  • Zuma (1988)
  • County Line (1989)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Selvin, Joel (10. februar 2005). «Keith Knudsen—Doobies' trommeslagaren». San Francisco Chronicle. 
  2. Goldsmith, Thomas (1998). «Southern Pacific». I Kingsbury, Paul. The Encyclopedia of Country Music: The Ultimate Guide to the Music. New York: Oxford University Press. s. 497–498. ISBN 978-0195176087. 
  3. «The Doobie Brothers». bay-area-bands.com. Henta 4. november 2020. 
  4. «Keith Knudsen, 56; Drummer Played for Doobie Brothers, Southern Pacific». Los Angeles Times. Associated Press. 9. februar 2005. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]