Kelkit Irmağı

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kelkit Irmağı
elv
Bird Nests at Çamlıca Dam Lake, Suşehri-Sivas 2018-08-25.jpg
Fuglereir ved Çamlıca-demningsjøen ved Kelkit Irmağı.
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Del av Yeşilırmak
Wikimedia Commons: Kelkit River

Kelkit Irmağı eller Kelkit Çayı (latinsk Lycus) er ei elv i Svartehavsregionen i Tyrkia. Ho er den lengste sideelva til Yeşilırmak.

Elva spring ut i provinsen Gümüşhane og renn gjennom provinsane Erzincan, Giresun, Sivas og Tokat før ho munnar ut i Yeşil ved den moderne landsbyen Kızılçubuk, nær staden der den antikke byen Eupatoria låg.

Om lag 150 km av elva, frå Suşehri til Reşadiye og Niksar, følgjer den nordanatoliske forkastinga.[1]

I den greske antikken gjekk ein viktig veg frå aust til vest langs Kelkitdalen frå Veslearmenia til Bithynia.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aykut Barka, "North Anatolian Fault Field Trip Report", Southern California Earthquake Newsletter (online version), 3:4 full text.
  2. B. C. McGing, The Foreign Policy of Mithridates VI Eupator, King of Pontus (Mnemosyne Ser.: Suppl. 89), 1997. ISBN 90-04-07591-7. s. 6 f.