Servitør

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kelner)
Servitør på ein fransk fortausrestaurant.
Servitør på ein snøggmatrestaurant i Abidjan, Elfenbeinskysten.

Servitør, tidlegare vanlegvis kalla kelner, er ein oppvartar som tek seg av servering av mat og drykk til gjestane ved borda i ein restaurant eller annan serveringsstad på land eller på skip.

Vanlegvis gjev servitøren råd om val av matrettar og høveleg drykk, tek mot tingingane på dei matrettane gjestane har peika seg ut, syter for at kjøkenet får tingingane, at maten og drykken vert servert i tide, ser til at gjestane har det bra, og hjelper til om uhell skulle skje ved bordet, og har ofte òg ansvaret for å take i mot oppgjeret for serveringa. Dessutan syter servitøren for ryddinga og oppdekkinga i serveringslokalet. Servitøren arbeidar såleis tett opp imot andre yrkesgrupper på serveringsstaden, som bartender, hovmeister og kokkar.

I mange land er det vanleg at servitøren får 10–20 prosent av summen på rekninga som såkalla tips eller drikkepengar, som er ein tilleggsbetaling som skal gå til servitøren personleg, eventuelt til serveringspersonalet på deling etter avtaler dei i mellom. Mange stader kan dette vere ein vesentleg og naudsynt part av inntekta til servitørane. Men i fleire land, mellom anna Noreg, er tips inkludert i rekninga, og då er det stort sett ikkje vanleg å gje noko attåt utan at servitøren har vore engasjert på eit vis som gjev særlege grunnar til å markere takksemd.

Yrkesopplæring i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er servitør ei fagutdanning på vidaregåande skule, med grunnkurs i studieretning for restaurant og matfag, vidaregåande kurs I i servitørfag på skule og med to års læretid i godkjend verksemd.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]