Keltisk kross

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Prinsippskisse av ein keltisk kross.
Ein keltisk steinkross i Irland.

Keltisk kross, eller ringkross, er ein type likearma kross (såkalla gresk kross) som er kombinert med ein sirkel. Sirkelen har sentrum i krossmidten, og ein radius som er mindre enn krossarmane, slik at sirkelen bryt krossarmane, i motsetnad til dei såkalla hjulkrossane eller solkrossane, der sirkelen ligg ikring krossen ved endane av krossarmane.

Gosforthkrossen, den såkalla «vikingkrossen» i Nordvest-England, har ein ringkross i toppen.

Namnet keltisk kross skriv seg frå at denne krosstypen er utvikla i det kristne Irland i mellomalderen, der slike krossar kunne oppførast som høge, frittståande steinmonument med bilete i relieff på både krossen og kross-stamma.

Norske keltiske krossar[endre | endre wikiteksten]

Ein keltisk kross frå mellomalderen på kyrkjegarden kring Vereide kyrkje i Gloppen kommune.
Keltisk kross i Eivindvik i Gulen kommune.

Steinkrossar i Noreg frå mellomalderen vert òg omtala som keltiske krossar, sjølv om dei ikkje er utsyrte med ring, men elles har krossarmar med meir eller mindre same forma som mange av dei keltiske krossane i Irland og England. Men dei norske krossane er vanlegvis laga av steinheller, og ved å vere flate, skil dei seg soleis òg frå dei keltiske krossane ein finn i Irland og England. Det er på Vestlandet ein finn dei norske keltiske krossane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]