Keltisk musikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eksempel på keltisk folkemusikk

Keltisk musikk er ei brei gruppe musikksjangrar som har utvikla seg frå folkemusikken blant keltiske folkeslag i Vest-Europa.[1][2] Sjangeren omfattar både den orale musikktradisjonen og innspelt musikk. Stiltrekka kan variera mykje, frå tradisjonelle folkemelodiar til keltisk rock og keltisk fusion, som kombinerer ei lang rekke ulike sjangrar.[3] Fleire kjende utøvarar av keltisk musikk, som Alan Stivell og Paddy Moloney,[4] har hevda at ulike keltiske sjangar har mykje til felles med kvarandre.[2][5]

Instrumenta inkluderer ofte tradisjonelle instrument som harpe, sekkepipe, blikkfløyte og fele.

Sekkepipespelarar ved festivalen i Lorient.

Det blir halde fleire festivalar for keltisk musikk, til dømes Celtic Connections i Glasgow i Skottland,[6] Douro Celtic Fest i Vila Nova de Gaia i Portugal, Festival del Kan ar Bobl i Lorient i Frankrike, Festival de Cornouaille i Quimper i Frankrike, Festival Internacional do Mundo Celta de Ortigueira i Ortigueira i Galicia i Spania, Hebridean Celtic Festival i Stornoway i Skottland[7] og Les Nuits Celtiques du Stade de France i Paris i Frankrike.

Døme på artistar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Melhuish, Martin (1998). Celtic Tides: Traditional Music in a New Age. Ontario, Canada: Quarry Press Inc. s. 8, 28. ISBN 1-55082-205-5. 
  2. 2,0 2,1 Alberro, Manuel (2005). «Celtic Legacy in Galicia». E-Keltoi: Journal of Interdisciplinary Celtic Studies 6: 1005–1035. Arkivert frå originalen 1. juni 2013. Henta 28. desember 2015. 
  3. "Irish Folk, Trad and Blues: A Secret History" by Colin Harper (2005) covers Horslips, The Pogues, Planxty and others.
  4. Melhuish, Martin (1998). Celtic Tides: Traditional Music in a New Age. Ontario, Canada: Quarry Press Inc. s. 73–79 especially 77 and 79. ISBN 1-55082-205-5. 
  5. Aubrey, Graham (2011). The Ingenious Cornish - Inventions, Enterprises and Exploits: The Ethnicity Factor in Cornish Music Both at Home and Abroad. Wallaroo Town Hall during Kernewek Lowender 2011 Biennial Seminar: Cornish Association of South Australia Est. 1890. s. 16. 
  6. «Celtic connections:Scotland's premier winter music festival». Celtic connections website. Celtic Connections. 2010. Henta 23. januar 2010. 
  7. «Hebridean Celtic Festival 2010 - the biggest homecoming party of the year». Hebridean Celtic Festival website. Hebridean Celtic Festival. 2009. Henta 23. januar 2010.