Hopp til innhald

Kemal Kılıçdaroğlu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kemal Kılıçdaroğlu

Fødd17. desember 1948 (75 år)
Nazımiye
Statsborgar avTyrkia
Yrkesamfunnsøkonom, politikar, byråkrat
Utdanna vedGazi University
EktefelleSelvi Kılıçdaroğlu
BarnKerem Kılıçdaroğlu
Alle verv
  • medlem av Tyrkias store nasjonalforsamling (2018–2023)
  • medlem av Tyrkias store nasjonalforsamling (2002–2023)
  • leder av opposisjonskoalisjonen i Tyrkia (2010–2023)
  • styreleiar (Det republikanske folkepartiet, 2010–2023)
  • visepresident (Den sosialistiske internasjonale, 2012–2014) Sjå dette på Wikidata

Kemal Kılıçdaroğlu (fødd 17. desember 1948) er ein tyrkisk sosialdemokratisk politikar. Han har vore leiar for det republikanske folkepartiet (tyrkisk Cumhuriyet Halk Partisi) sidan 2010. Kılıçdaroğlu har vore parlamentsmedlem for Istanbul sidan 2002.[1]

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Kemal Kılıçdaroğlu vart fødd i Ballıca i Nazımiye i Tunceliprovinsen, aust i Tyrkia. Han er det fjerde barnet av sju. Faren hans var blant mange tusen kurdarar som tok del i det mislykka Dersim-opprøret.[2][3]

Familien heitte opphavleg Karabulut, men av di nesten alle i byen hadde det same familienamnet Karabulut, så bytte faren hans på 1950-talet til familienamnet Kılıçdaroğlu.[4]

Kemal oppnådde bachelorgraden sin i økonomi ved Gazi Universitetet i Ankara. Han byrja karrieren sin som rekneskapsassistent i det tyrkiske finansdepartementet i 1971. Kemal arbeidde dernest som revisor eit år i Frankrike. Han heldt fram som revisor fram til 1983, då han vart avdelingsleiar – og seinare visedirektør – for direktoratet for inntekter.[1]

I 1991 vart Kemal Kılıçdaroğlu utnemnt til generaldirektør for trygdeinstitusjonen Bağ-Kur for handverkarar og sjølvstendig næringsdrivande. Dernest yrkte han i sosialforsikringsorganisasjonen, Sosyal Sigortalar Kurumu (SSK), der han var leiar frå 1992–1996 og 1997–1999. Kılıçdaroğlu tiltredde også i ein periode som visestatssekretær for Arbeids- og sosialsikkerheitsdepartementet i Tyrkia.[1]

Politisk karriere

[endre | endre wikiteksten]

Kılıçdaroğlu gjekk inn i det republikanske folkepartiet (CHP) i 2002.

Etter valet 2002 kom Kılıçdaroğlu inn i det tyrkiske parlamentet som milletvekili (parlamentsmedlem) frå Istanbul. I valet 2007 vart han vald att til parlamentsmedlem frå Istanbul. Han vart då òg gruppeleiar for parlamentsgruppa til partiet.[5] Kılıçdaroğlu vart nominert av CHP til borgarmeisterkandidat i Istanbul i 2009.[6] Han fekk 36,8% av røystene og tapte valet, likevel auka han oppslutninga til partiet markant frå det førre valet i 2004.

Kılıçdaroğlu vart valt til visetalsmann for den sosialistiske internasjonale den 31. august 2012.[7]

Partileiar

[endre | endre wikiteksten]

Deniz Baykal som var leiar for CHP i mange år fram til den 10. mai 2010, gjekk av på grunn av ein sex-videoskandale.[8] Kılıçdaroğlu kunngjorde kandidaturen sin til posten den 17. mai, fem dagar innan partikongressen. For å verta offisiell kandidat måtte han ha minst 20% av røystene, han fekk underskrifter ifrå 1246 av dei 1250 delegatane, som var ein rekord for CHP. Den 22. mai 2010 vart han valt som leiar for det republikanske folkepartiet.[9]

Valet i 2023

[endre | endre wikiteksten]

Ved det tyrkiske presidentvalet i 2023 var Kemal Kılıçdaroğlu den fremste opposisjonsleiaren og største utfordraren til den sitjande presidenten Recep Tayyip Erdoğan. Kılıçdaroğlu gjekk til val for å styrkja folkestyret.[10]

Valet fann stad den 14. mai 2023, men ingen av presidentkandidatane greidde å sanka røyster over 50%, noko som førte til ein ny valrunde.[11] Ved den andre valrunden 28. mai 2023 ende Kılıçdaroğlu opp med ein oppslutnad på 47,9%, og tapte fylgjeleg mot Erdoğan som fekk 52,1% av røystene.[12][13] Folkerøystinga gjekk høvesvis rettferdig for seg, men i kjølvatnet av valkampen vart Kılıçdaroğlu tydeleg marginalisert av tyrkisk media til fordel for Erdoğan.[14][15]

  1. 1,0 1,1 1,2 «The Republican People's Party», en.chp.org.tr (på tyrkisk), henta 30. april 2023 
  2. «Arkiverade kopian». Arkivert frå originalen 26. april 2011. Henta 26. oktober 2013. 
  3. «Gandhi's rise». The Economist. ISSN 0013-0613. 
  4. BİLDİRİCİ, Faruk, «Kılıçdaroğlu Kemal Bey’i anlatıyor», www.hurriyet.com.tr (på tyrkisk), henta 30. april 2023 
  5. http://www.hurriyetdailynews.com/default.aspx?pageid=438&n=kilicdaroglu-series-part-1-2010-07-09
  6. «CHP'nin İstanbul adayı Kılıçdaroğlu», CNN TÜRK (på tyrkisk), henta 1. mai 2023 
  7. Turkish Radio and Television Corporation (TRT): KILIÇDAROĞLU ELECTED DEPUTY CHAIRMAN OF SOCIALIST INTERNATIONAL Publisert 31. august 2012.
  8. «Turkey party head quits over tape» (på engelsk). 10. mai 2010. 
  9. Kemal Kılıçdaroğlu New Leader Of Opposition Party CHP | NationalTurk (på engelsk), 22. mai 2010, henta 30. april 2023 
  10. Befring, Åse Marit (30. april 2023), «– Kjenner ingen unge som vil stemme på Erdogan», NRK (på norsk bokmål), henta 1. mai 2023 
  11. «2023 Presidential Election - 14 May 2023» (på engelsk). Yeni Şafak. Henta 28. mai 2023. 
  12. «Election 2023» (på engelsk). Anadolu Ajansı. Henta 28. mai 2023. 
  13. Mersiha Gadzo, Dalia Hatuqa & Umut Uras. «Turkey election results live: Erdogan declared run-off winner» (på engelsk). Al Jazeera. Henta 28. mai 2023. 
  14. «State-run network TRT gives Erdoğan 32 hours of coverage, Kılıçdaroğlu mere 32 minutes in one month» (på engelsk). Duvar English. Henta 28. mai 2023. 
  15. Aida Khorami & Åse Marit Befring. «Valg i Tyrkia: Sensurerte Erdogans motstander» (på norsk bokmål). NRK. Henta 28. mai 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kemal Kılıçdaroğlu