Kemp Peninsula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kemp Peninsula
halvøy
Land  Antarktis
Stad Palmer Land
 - koordinatar 73°8′S 60°15′W / 73.133°S 60.250°W / -73.133; -60.250
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Kemp Peninsula
73°08′00″S 60°15′00″W / 73.1333°S 60.25°W / -73.1333; -60.25
Kemp Peninsula is located in Antarktis
Kemp Peninsula (Antarktis)

Kemp Peninsula er ei forreven, isdekt halvøy 42 km lang og 8 til 19 km brei. Halvøya stig opp til 305 moh og stikk ut mellom Masonfjorden og Mossmanfjorden, på austkysten av Palmer Land. Ho vart oppdaga frå lufta i desember 1940 av medlemmar av U.S. Antarctic Service (USAS), som på den tida fotograferte alt utanom nordenden. I 1947 vart det fotografert frå lufta av Ronne Antarctic Research Expedition (RARE), medan Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) kartlaga ho frå bakken.

Kemp Peninsula vart namngjeven av FIDS etter Stanley W. Kemp, som var ein britisk marinbiolog og oseanograf, som var den første forskingsleiaren i Discovery Investigations, 1924–36, og direktør i Plymouth Marine Laboratory, 1936-45.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Kemp Peninsula» (innhald frå Geographic Names Information System).