Ken George

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dr. Kenneth J. George, mai 2006

Ken George, opphavleg oseanograf, er kjend som opphavsmannen til Kernewek Kemmyn, ei rettskrivingsform av kornisk, tilhengjarane av denne reforma hevdar hevdar at ho representerer mellomkornisk fonologi betre enn forgjengaren (sameint kornisk). Dette synet blir ikkje delt av motstandarane til kernewek kemmynk. Reforma vart introdusert i 1987, og blir no brukt av fleirtalet av det korniske språksamfunnet. Frå og med 1990-talet har kernewek kemmyn vorte kritisert, framfor alt av Nicholas Williams. Andre, som Richard Gendall, har vald å ignorere kernewek kemmyn og i staden basere revitalisert kornisk på seinkornisk.

Ken George har publisert fleire korniske ordbøker, og artiklar både om klassisk kornisk og om den korniske revitaliseringsprosessen. Hovudverket hans er P. George sin versjon av det mellomkorniske dramaet Bewnans Ke (som vart oppdaga i 1990, (kernewek kemmyn-tittel Bywnans Ke),vart publisert av The Cornish Language Board i mai 2006, jf. her Arkivert 2006-07-04 ved Wayback Machine..

George bur i søraustlege Cornwall, og snakkar bretonsk i tillegg til engelsk og kornisk. George var tidlegare Principal Lecturer i oseanografi ved Institute of Marine Studies ved University of Plymouth.