Kenji Ogiwara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kenji Ogiwara
Fødd 20. desember 1969
Kusatsu
Yrke kombinertløpar, politikar

Kenji Ogiwara (fødd 20. desember 1969) er ein japansk, tidlegare kombinertløpar og seinare politikar frå Kusatsu. Han vart verdsmeister i nordisk kombinert både i 1993 og 1997, og tok ein bronsemedalje i kombinertsprinten i 1999. Perioden 1992-95 vann Japan, med Kenji Ogiwara på laget, fire strake gullmedaljar for lag i to olympiske meisterskap og to verdsmeisterskap. Han vann 17 verdscuprenn og fekk i tillegg tolv andreplassar og to tredjeplassar.

Kombinertløparen Tsugiharu Ogiwara var tvillingbror hans.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kenji Ogiwara debuterte i verdscupen i kombinert på tampen av 1991-sesongen, i sveitsiske St. Moritz vart han nummer ti. Han oppnådde ein fjerdeplass i eit verdscuprenn i Breitenwang i januar 1992, før han kom på sjuandeplass under vinterleikane i Albertville. Den 9. februar gjekk han Japan inn til OL-gull i lagtevlinga i kombinert, dei andre på laget var Reiichi Mikata og Takanori Kōno. Denne gullmedaljen var den fyrste av fire strake til Japan i lagtevlinga. I ski-VM 1993 i Falun paraderte Ogiwara i mål, over tre og eit halvt minutt føre sølvlaget frå Noreg. Både i 1993, under vinter-OL 1994 og i VM 1995 hadde Ogiwara med seg førnemnde Kono og Masashi Abe på laget. I 1995 var tevlinga utvida til å gjelde fire mann, Ogiwara sin tvillingbror Tsugiharu Ogiwara kompletterte då laget.

Kenji Ogiwara vart dobbelmeister i Falun i 1993, då han vann ein overlegen siger i den individuelle kombinertøvinga, han var i mål over halvtanna minutt før sølvmedaljøren Knut Tore Apeland frå Noreg. Han vart så nummer fire i kombinert i vinterleikaneLillehammer i 1994, og nummer fem i verdsmeisterskapen på ski i Thunder Bay i 1995. Ogiwara vart så i 1997 verdsmeister individuelt for andre gong. Under vinter-OL på heimebane i Nagano i 1998 lukkast han ikkje heilt og måtte nøye seg med ein fjerdeplass individuelt. Heller ikkje i lagtevlinga i kombinert vart det japansk OL-medalje.

Frå 1999 var det to individuelle kombinertøvingar i dei store meisterskapa. Ogiwara vann bronsemedaljen i sprintøvinga under VM 1999 i Ramsau og vart nummer seks i normaløvinga. To år seinare vart han høvesvis nummer fem og sju i dei to øvingane under ski-VM 2001 i Lahti. I sin siste meisterskap, vinter-OL 2002 i Salt Lake City, vart han nummer elleve.

I 1995 vart Ogiwara tildelt Holmenkollmedaljen.

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Nr. Dato Stad Land
1
5. desember 1992 Vuokatti Flag of Finland.svg
2
12. desember 1992 Courchevel Frankrike
3
19. desember 1992 St. Moritz Sveits
4
23. januar 1993 Saalfelden Flag of Austria.svg
5
5. mars 1993 Lahti Flag of Finland.svg
6
20. mars 1993 Štrbské Pleso Flag of Slovakia.svg
7
4. desember 1993 Saalfelden Flag of Austria.svg
8
11. desember 1993 St. Moritz Sveits
9
15. desember 1993 St. Moritz Sveits
10
8. januar 1994 Schonach Tyskland
11
22. januar 1994 Trondheim Noreg
12
10. januar 1995 Val di Fiemme Italia
13
14. januar 1995 Liberec Tsjekkia
14
3. februar 1995 Falun Sverige
15
9. februar 1995 Oslo Noreg
16
18. februar 1995 Bad Goisern Flag of Austria.svg
17
23. mars 1995 Sapporo Japan
18
13. januar 1996 Štrbské Pleso Flag of Slovakia.svg
19
10. februar 1996 Chaux-Neuve Frankrike

Kjelder[endre | endre wikiteksten]