Kenneth Waltz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kenneth Waltz

Fødd8. juni 1924
Ann Arbor
Død12. mai 2013
Washington
NasjonalitetUSA
Områdeinternasjonale relasjonar, statsvitskap
Yrkeuniversitetslærar, statsvitar, filosof, politikar
InstitusjonarUniversity of California, Berkeley
Columbia University
Brandeis-universitetet
Swarthmore College
Alma materColumbia University
Oberlin College
DoktorgradsrettleiarWilliam T. R. Fox
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences
Phi Beta Kappa

Kenneth Neal Waltz (8. juni 192412. mai 2013) var ein amerikansk statsvitar. Han vert rekna som ein av dei mest sentrale teoretikarane på feltet internasjonal politikk innan statsvitskap. Waltz vert rekna blant grunnleggjarane av nyrealismen. Makt er eit sentralt analytisk omgrep for alle realistar, men hjå nyrealistar som Waltz legg ein større vekt på strukturelle høve, som maktbalanse, enn på sjølve statane.[1][2][3]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Waltz tok bachelorgraden sin i økonomi ved Oberlin College. Vidare tok han mastergraden og doktorgraden sin i statsvitskap ved Columbia University. Han omarbeidde doktorgradsavhandlinga si til verket Man, the State, and War, som han gav ut i 1959, og som han fekk stor heider for. Waltz sette teoriar i internasjonal politikk inn i ein større historisk-filosofisk samanheng, og sorterte teoriane etter utgangspunkta deira i individet, staten eller det internasjonale politiske systemet – denne metoden fekk namnet nivåanalyse.[4][5]

Frå 1957 til 1966 var Waltz professor ved Swarthmore College, og dinest ved Brandeis University mellom 1966 og 1971. I perioden frå 1971 til 1994 var han professor ved University of California, Berkeley, og seinare professor emeritus ved Berkeley i 1997, men vart trass dette professor II ved Columbia University.[6]

Waltz var president i American Political Science Association frå 1987 til 1988.[6]

Nyrealistisk teori[endre | endre wikiteksten]

Anarkisk struktur[endre | endre wikiteksten]

Waltz sine sentrale bidrag til statsvitenskapen er innanfor den realistiske tradisjonen. Kjernen i den klassiske realismen er, her representert ved formuleringa til Hans Morgenthaus frå Politics Among Nations, korleis interesseomgrepet er definert i omgrep om makt. Noko som spelar tilbake på korleis realisme er ei nemning på ein synsmåte der politikk er eit spørsmål om eigeninteresse og maktkapring. Realismen hevdar difor at det primære målet til statar er å styrkja maktposisjonen og trygginga si gjennom militære maktmiddel eller politisk overtaking.

I boka Man, the State, and War: A Theoretical Analysis presenterte Waltz tre ulike innfallsvinklar til å studera åtferd innan internasjonal politikk. Den fyrste tilnærminga omhandla den individuelle og menneskelege natur, den andre om nasjonalstaten, medan den tredje vurderte det internasjonale systemet.

I Theory of International Politics skildra Waltz i detalj hovudprinsippa i nyrealismen i internasjonal politisk teori. Her utvikla han ei strukturell tilnærming som klårt skilde seg frå tidlegare klassiske realistar, som E.H. Carr og Hans Morgenthau. Til skilnad frå Morgenthau, som tok utgangspunkt i at statar alltid kjaga etter makt på bakgrunn av den menneskelege naturen, lét Waltz seg inspirera av økonomiske teoriar. Her la Waltz meir vekt på grunnlaget til politikken, der målet til staten alltid var å overleva jamfør den anarkiske strukturen i det internasjonale systemet.[7] Theory of International Politics utløyste framveksten av den nyrealistiske retninga innanfor internasjonal politisk teori, som mellom anna også er representert ved John Mearsheimer, Randall Schweller, Jack Snyder og Thomas Christensen.

Waltz hevda verda var ein tilstand av internasjonalt anarki som påverka den politiske åtferda til statane i verda, såkalla strukturell realisme. Waltz skilde mellom anarkiet i det internasjonale systemet og den relative ordenen i innanrikspolitikken til statar. Innanfor nasjonalstatlege rammer kunne alle aktørar appellera til, og dessutan verta tvinga til å etterleva, gitte rammevilkår av ein sentral autoritet, som «staten», «regjeringa» eller lovverket, men i det internasjonale systemet fanst det ikkje nokon sentral overordna autoritet som hadde monopol på legitim valdsbruk.

Waltz slutta seg til at statane måtte fokusera på sjølvhjelp. Dimed ville eigeninteresser få nødvendigvis prioritet framfor til dømes moral. Waltz meinte statar alltid ville forfylgja eigeninteressene sine, uavhengig av andre statar inntil andre aktørar – statar eller internasjonale regime – forbaud eller avgrensa evna deira til å forfylgja desse.

Rasjonalistisk avskrekkingsteori[endre | endre wikiteksten]

Eit peacekeepermissil.
Foto: United States Air Force

I The Spread of Nuclear Weapons: A Debate, med medforfattar Scott Sagan, argumenterte Waltz i retning av korleis spreiing av atomvåpen til fleire statar kunne ha ein positiv verknad på stabiliteten i internasjonal politikk. Dette argumentet hadde grunnlag i rasjonalistisk avskrekkingsteori. Dersom ein stat har atomvåpen, fører dette til at andre statar avstår frå å gjera ugjerningar mot dei, då ein vert truga med kraftige negative mottiltak, viktigare enn tradisjonelle forsvarsfaktorar. Scott Sagan argumenterte på si side imot spreiing av atomvåpen.

Forklåring framfor spådom[endre | endre wikiteksten]

I Theory of International Politics predikerte Waltz at den kalde krigen ville halda fram godt inn i det 21. hundreåret. Dette hugskotet viste ikkje nødvendigvis ein inkonsistens i Waltz sentrale teori, for di denne søkte å forklåra stabile trekk ved det internasjonale systemet framfor endringar. Dette gjorde han greie for eksplisitt når han skreiv at dette ikkje var ein teori om utanrikspolitikk. Dimed hadde han ikkje som sentralt mål å spå eller forklåra spesifikke statlege handlingar, som til dømes oppløysinga av Sovjetsamveldet.

Oppløysinga av Sovjetsamveldet er utanfor den forklårande rekkjevidda til teorien. Teorien skildrar berre generelle åtferdsprinsipp, som igjen styrer relasjonane mellom statane i eit anarkisk system, og ikkje spesifikke handlingar utført av desse. Waltz påpeika i det omstridde verket sitt frå 1979 at det ein normalt forventar frå ein god teori, er forklåringar, og ikkje spådomar. Sjølv om teorien hans ikkje kunne føresjå oppløysinga av Sovjetsamveldet, forklåra likevel teorien på ein relativt dekkjande måte, tydinga av bi- eller multilaterale system for maktfordelinga i det internasjonale statssystemet. Hermed hevda Waltz at eit bipolart system var meir stabilt enn eit multipolart system.

Som dei fleste andre nyrealistar aksepterte Waltz at globalisering skapa nye utfordringar overfor statane, men han avviste at rolla til statane i det internasjonale systemet var i ferd med å verta veikt. Dette grunngav han med at ingen ikkje-statleg aktør kunne konkurrera med statane som hadde stor yteevnene. Waltz meinte derimot at globaliseringsprosessane som akselererte i 1990-åra berre var eit kortvarig fenomen, og at statane har utvida funksjonane sine i respons til ei akselererande global endringstakt.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Blant dei mange utmerkingane som Waltz tok imot for arbeidet sitt er mellom anna dei gjævaste: Heinz Eulau-prisen (1990) for beste vitskaplege artikkel, James Madison-prisen (1999) for utmerkte akademiske bidrag til statsvitskapen og dessutan ein ærespris for ypperleg akademiske bidrag til internasjonale tryggingsstudiar (2010). Han tok òg imot James Madison-prisen for «Nuclear Myths and Political Realities», som vart trykt i American Political Science Review.

Årleg deler American Political Science Association i USA ut ein Kenneth N. Waltz Dissertation Award til den beste avhandlinga innan internasjonale tryggingsstudiar og våpenkontroll.[8]

Waltz vart æresdoktor ved Universitetet i Makedonia i Hellas, Københavns Universitet, Nankai universitetet, Aberystwyth University og Oberlin College.[9]

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Waltz, Kenneth (1959). Man, the State, and War. New York: Columbia University Press. ISBN 9780231188050
  • Waltz, Kenneth (1967). Foreign Policy and Democratic Politics: The American and British Experience. New York: Little, Brown and Company. ISBN 9789992447307
  • Waltz, Kenneth (1979). Theory of International Politics. New York: McGraw Hill. ISBN 9780075548522
  • Waltz, Kenneth; Art, Robert (1983). The Use of Force: Military Power and International Politics. New York: University Press of America. ISBN 978-0742556706
  • Waltz, Kenneth (1986). «Reflections on Theory of International Politics. A Response to My Critics». I Keohane, Robert. Neorealism and Its Critics. New York: Columbia University Press. 
  • Waltz, Kenneth (1995). The Spread of Nuclear Weapons: A Debate Renewed. New York: W. W. Norton & Company. 
  • Waltz, Kenneth (2008). Realism and International Politics. Routledge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Knutsen, Torbjørn L. (1997). A History of International Relations Theory (2 utg.). Manchester University Press. s. 269–273. 
  2. Hyde-Price, Adrian (2011). «Bipolarity and Multipolarity». I Badie, Bertrand; Berg-Schlosser, Dirk; Morlino, Leonardo. International Encyclopedia of Political Science. Sage Publications. s. 153–156. 
  3. Kurki, Milja (2011). «International Relations, Theory». I Badie, Bertrand; Berg-Schlosser, Dirk; Morlino, Leonardo. International Encyclopedia of Political Science. Sage Publications. s. 1287–1298. 
  4. Knutsen, Torbjørn L. (1997). A History of International Relations Theory (2 utg.). Manchester University Press. s. 247–250. 
  5. Knutsen, Torbjørn L. (2011). «International Relations, History». I Badie, Bertrand; Berg-Schlosser, Dirk; Morlino, Leonardo. International Encyclopedia of Political Science. Sage Publications. s. 1275–1287. 
  6. 6,0 6,1 «Kenneth N. Waltz | American political scientist and educator | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 23. januar 2023 
  7. Korab-Karpowicz, W. Julian (2018). Zalta, Edward N., red. «Political Realism in International Relations». Metaphysics Research Lab, Stanford University. 
  8. «American Political Science Association: Kenneth N. Waltz Dissertation Award», www.apsanet.org (på engelsk), henta 23. januar 2023 
  9. «Kenneth N. Waltz», senate.universityofcalifornia.edu, henta 23. januar 2023