Kenning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kenning er ein to- eller fleirledda omskrivingsteknikk kjend frå norrøn versekunst, der eit substantiv blir byta ut med eit anna som minner om det ein tenkjer på. Til dømes kan ein person bli skildra ut frå ei handling, ved å kalle ein konge for «hærfylkaren». Omskrivinga kan også ta utgangspunkt i ein form for likskap, til dømes ved å omtale sjøen som «skipets veg». I mange høve blir ein kenning konstruert på denne måten, ved at eit substantiv blir byta ut med eit som liknar. Eit døme kan vere å nytte substantivet «hest» i staden for «båt». Denne omskrivinga blir så gjort tydeleg gjennom å skape eit nytt substantiv i genitiv: «Havets hest».

Kenningar finst i all dikting (eit døme er kenningen «ørkenens skip» som ei omskriving av kamel), men har ein særleg framskoten plass i den norrøne diktinga, og då spesielt i skaldekvad. Nemninga kenning kjem av uttrykket «kjenne til», og peikar på at båe substantiva i kenningen må til for at lesaren eller tilhøyraren skal skjøne kenningen. Dersom kenningen har opptil tre, fire eller fem ledd, er han stundom meint å vere ei gåte. Nemninga kenning er også kjend frå anglosaksisk og gamalgermansk poesi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]