Kenny Craddock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kenny Craddock
Fødd18. april 1950(1950-04-18)
FødestadWrekenton, Gateshead, England
Død30. mai 2002 (52 år)
Dødsstadnær Monchique i Portugal
FødenamnKenneth Craddock
OpphavStorbritannia
Instrumenttangentinstrument
Verka somkomponist, musikkprodusent

Kenny Craddock (18. april 195030. mai 2002) var ein engelsk instrumentalist, komponist og produsent. Gjennom karrieren har han arbeidd for artistar som Ringo Starr, Ginger Baker, Billy Bragg, Gerry Rafferty og Alan White. Han samarbeidd med Alan Hull og Lindisfarne, og vart med i gruppa i 1973 og fram til dei vart oppløyst for ei stund i 1975. Han har vore musikalsk leiar for Van Morrison og Mary Black.[1]

Craddock byrja å turnere med Van Morrison tidleg i 1980-åra, og spelte klaverinstrument med han til kring 1985. Craddock skreiv ein song i lag med Morrison, «Before the World», på albumet Too Long in Exile frå 1993.[1]

I 1990-åra spelte han med Colin Gibson på musikken til situasjonskomedien Joking Apart. Craddock spelte sjølv kjenningsmelodien til showet, ein versjon av Chris Rea-songen «Fool (If You Think It's Over)».[2] På denne tida turnerte Craddock med Paul Brady.[1]

Craddock flytta til Portugal i 2001, der han døydde i ei bilulukke etter det første soloalbumet han var ferdig, Mad as the Mist and Snow.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Perrone, Pierre (12 July 2002). «Kenny Craddock». The Independent. Henta 11. september 2014. 
  2. «The Composers: Kenny Craddock». jokingapart.co.uk. Henta 11. september 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]