Kensingtonsteinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.


Kensingtonsteinen (Kensington Runestone) er ein runestein som vart funne i Minnesota i USA i 1898. Inskripsjonen, mellom anna med årstalet 1362, vert rekna som ein forfalskning.

Kensingtonsteinen (the Kensington Runestone) er ei USA-amerikansk steinhelle med ei runeinnskrift. Ifylgje runeinnskrifta skal steinen ha vore reist i året 1362 av nordmenn og svenskar i samband med eit åtak dei hadde vorte utsette for, altså ei hending som skal ha gått føre seg meir enn hundre år før Kristoffer Columbus og hans mannskap fann fram til Amerika i 1492 som dei fyrste europearane, og lengje etter at folk frå dei norrøne busetnadene på Grønland hadde funne fram til «Vinland», slik arkeologiske utgravingar av ei norrøn busetnad på L'Anse aux Meadows på nordspissen av Newfoundland synar.

Det er semje i autorative vitskaplege krinsar om at innskrifta på Kensingtonsteinen er av langt nyare dato enn ho gjev seg ut for å vere, truleg frå 1880-åra, og slik sett eit falsum. Men likevel er det mange i somme miljø i USA som meiner at innskrifta er ekte og skildrar ei sann hending.

Runesteinen[endre | endre wikiteksten]

Kensingtonsteinen er frå Solem i Douglas County i delstaten Minnesota. Dette er eit lite bondesamfunn som vart skipa i 1870, og som er sagt å ha eit norsk namn. Men steinen har fått namn etter den næraste større busettinga, Kensington. Ein svensk innvandrande bonde med namnet Olof Ohman (eigenleg Öhman) skal ha funne steinen i 1898 saman med sonen sin, Edward, under ei rota på eit tre då dei braut nytt land til oppdyrking. Steinhella låg då infiltra i trerøtene. Ho er litt over 90 kilo tung, av gråvakke, ein variant av sandstein, 76 cm høg, 41 cm brei og 15 cm tjukk, med runer på den eine breisida og den eine av smalsidene.

Teksta[endre | endre wikiteksten]

Teksta på steinen lyder:

(wi er) 8 : göter : ok : 22 : norrmen : po :
...o : opþagelsefärd : fro :
vinland : of : vest : vi :
hade : läger : ved : 2 : skLär : en :
dags : rise : norr : fro : þeno : sten :
vi : var : ok : fiske : en : dagh : äptir :
vi : kom : hem : fan : 10 : man : röde :
af : blod : og : ded : AVM :
frälse : äf : illü.

här : (10) : mans : ve : havet : at : se :
äptir : vore : skip : 14 : dagh : rise :
from : þeno : öh : ahr : 1362 :

Oversettelse

Åtte gøter (senere tolket som «goter») og to og tyve nordmenn på
oppdagelsesferd fra
Vinland mot vest. Vi
hadde leir ved en sjø med to skjær i, en
dagsreise nord for denne steinen.
Vi var ute og fisket en dag. Da
vi kom hjem fant vi ti mann røde
av blod og døde. AV(e) M(aria), frels oss fra det onde.

Har ti mann ved havet til å se
etter skipene våre, fjorten dagsreiser
fra denne øya, året 1362.

Tolking[endre | endre wikiteksten]

At årstalet er angjeve med arabiske tal er svært påfallande. Alle runesteinar ein elles kjenner, angjev tal skreve med bokstavar eller romartal.[1] Vidare opptrer inskripsjonen med feil verbbøyning: Wi war/kom/fan (= Vi var/kom/fant), når ein på den tida bøygde verb i første person fleirtal: Wi warom/komom/funnum.? Ohman og hans ti år gamle son hevda seinare at dei fyrst trudde dei hadde funne ein «indiansk almanakk», og ei avskrift av inskripsjonen vart sendt til gresk-avdelinga ved universitetet i Minneapolis, før den hamna hos professor Olaus Breda, som fyrste gong høyrde om steinen til nyttår 1898/99. I brev datert 7. mars 1910[2] forklarer han kvifor han såg på den som ein forfalskning:

  • Det var heilt utroverdig at ein inskripsjon kunne framstå så klår etter å vore utsett for det barske klimaet i Minnesota i over fem hundre år.
  • Det absurde i at reisande, heilt ukjente på det amerikanske kontinentet, skulle ta seg fram til Minnesota på to veker.
  • Det absurde i sjølve inskripsjona, som var eit samrøre av gamle språkformer, gammaldags rettskrivning og moderne svensk, ispedd engelske former. Professor Breda fortel vidare at Sophus Bugge, Gustav Storm og Oluf Rygh, som alle var kapasitetar på runeinnskrifter, einstemmig vurderte steinen som ein forfalskning, og at ein utfyllande rapport om Kensingtonsteinen frå Universitetet i Oslo opplevde språkforma som «umogleg, eit særs klossete forsøk på å konstruera ei gammal språkform utan å rå over den påkravde kunnskapen. Av runologiske, språklege og historiske grunner kan inskripsjonen ikkje vera ekte.»

Sjølve steinen vart oversend til professor George Curme ved Northwestern University i Illinois På grunnlag av professor Bredas omsetjing trudde han i utgangspunktet at den kunne vera ekte, men synet av den sette han på andre tankar. Runene framstod klårt og tydeleg, og måtte ha vore skåra inn nyleg. Han skildra steinen som «ein klossete forfalsking». Folk så no med mistenksomhet på Ohman, som var den som hadde funne steinen. I desse åra kjempa Noreg for sjølvstende frå Sverige, og frå norsk hold tok det seg påfallande ut at det akkurat då dukka opp ein inskripsjon som omhandla ein ekspedisjon av nordmenn og svenskar på ei tid då dei òg hadde felles konge, nemleg Magnus Eriksson.[3] Nokon hugsa òg Ossians songar, som vart motteke med begeistring og viste seg å vera ein rein forfalsking.

Men nokon utdanna mann var han jo ikkje, såg korleis kunne han ha pønska ut ein hel runeinnskrift? Ohman tok steinen med seg heim og brukte den som helle foran døra?, med inskripsjonen på nedsida. Men i 1907 dukka Hjalmar Holand[4] opp, ein 35 år gammal nordmann som hadde slått seg ned i Wisconsin og vits Ohman av rein forvitenskap. Ohman lét Holand få Kensingtonsteinen, visstnok for ein pris av ti dollars. Holand presenterte sidan ei meir omfattande omsetjing av inskripsjona enn professor Breda, og skapte fornya blest om den.

I 1909-10 vart den undersøkt av Minnesota Historical Society under leiing av geologen Horace Winchell. Winchell samanlikna den med annan stein i området ved Kensington, som han vitja tre gonger. Slik møtte han òg Ohman, som han skildra som åpenhjertig og troverdig, men meinte likevel at inskripsjona var så skarp og tydeleg at den ikkje kunne vera meir enn tretti år gammal, med mindre steinen hadde lege nedgravd det meste av tida.[5]

Professor Jon Helgason uttalte i 1951: «Etter mi meining er inskripsjonen på Kensingtonsteinen slik at ingen filolog med noko sjølvrespekt anstendigvis kunne skriva om den, meir enn ein arkeolog ville bry seg med å publisera eit gravfunn frå jarnalderen viss han fann ein telefonkatalog under det.» Men medan Helgason valde berre å ignorera saka, skreiv Erik Moltke, professor ved Nationalmuseet i København i ein artikkel om steinen same år at «det har vore så mykje oppstuss rundt denne inskripsjon at det må setjast ein stoppar for det». Han påpekte òg i ein artikkel frå 1949 om steinen «kva for eit misfoster den nyttar som A-rune».[6]

Salskontrakt Minnesota Historical Society and Olof Ohman

I oktober 2003 vart steinen sendt til Sverige, der professor i nordisk språk, Tryggve Sköld, samanlikna inskripsjonen med runeteikn oppteiknet av ein svensk skreddar, spelemann og komponist, Edvard Larsson frå Dalarne. Larsson skreiv i 1883 og 1885 ned runeteikn slik dei vart brukt i den tida på hans heimtrakter. Disse skil frå seg eldre runealfabet, men samsvarer med runa funne på Kensingtonsteinen. James Knirk, professor i runologi, uttalte i 2004: «Det kan ikkje vera tvil om at steinen vart hugga til av ein i svensk-norsk busetjing i Minnesota heilt på slutten av 1800-talet, forresten av minst to personar, kor den eine var venstrehendt, den andre høgrehendt.»[7]

Andre teoriar[endre | endre wikiteksten]

«Ekspedisjonen»[endre | endre wikiteksten]

I 1354 sende kong Magnus Eriksson ein ekspedisjon til Grønland under leiing av Pål Knutsson som åtte store delar av garden Tveit på Tysnes.[8] Følgjet fekk i oppdrag å finna ut kva som hadde hendt med dei fraflytta norrøne koloniane på Grønland. Ein frykta at beboerne hadde henfalt til heidenskap og begitt seg til Nord-Amerika. Eit brev frå Gerard Mercator til John Dee i 1577 bringar utdrag frå eit tapt verk av Jacobus Croyen (James Knox) som skildra ein ekspedisjon som hadde reist lengjer enn til Grønland og vendt attende med åtte menn i 1364. Cnoyen skreiv ein beretning om ekspedisjonen i eit tapt verk som heitte Inventio Fortunate, der han hevda at kompassnåla snur seg mot nord fordi det ligg ei svart, magnetisk klippeøy på Nordpolen. I 1887 skrev historikaren Gustav Storm i eit verk at han anslo at Magnus Eriksson-ekspedisjonen ville kome tilbake i 1363/64. Dette er truleg det første utgjevne verket som refererer til ei ferd til Nord-Amerika på eit tidspunkt som røystar med datering på Kensingtonsteinen. Men det tyder òg at nokon kunne ha lese Storms bok og brukt opplysninga om ein ekspedisjon vestover til å datera ein forfalsking.

Vitjande munkar[endre | endre wikiteksten]

Thomas Reiersgord ga ut i 2001 sin teori om at dei vitjande var cisterciensere frå Gotland, og at dei ti døde ikkje var drepne av indianere, men omkom som følgje av pesta som heimsøkte Europa i desse åra. Til støtte for sin teori anfører han at sioux-kvinna Makawastewin (Maka = jord, waste = god, win = kvinne, Kvinna til den gode jord), på engelsk kalla Susan Windgrow, i 1935 fortalde antropologen Ruth Vert om eit gammalt sioux-segn om eit vitjande skip ein vårdag: «38 sjømenn eller krigarar bemanna båten, kleda deres hadde skil målt på seg, og dei bar hodeplagg med horn.[9]» Det siste stenger iallfall ute at detta var skandinavar, då desse har aldri brukte hjelmar med horn, korkje i vikingtida eller i mellomalderen (1362).[10][11] Hjelmar med horn har blant skandinavar berre vore brukt rituelt i bronsealderen, men Reiersgord meiner at Makawastewins forklaring om at dei vitjande ikkje drakk «ildvann» eller oppsøkte indianerkvinnene, underbygger at det var snakk om munkar.[12] Men «ildvann» (brennevin) var ikkje kjent før utpå 1500-talet, så vitjande i 1362 kunne, uansett ikkje brakt med seg noko slikt.[13] Det kan òg stengast ute at dei vitjande døydde i pest. Inkubasjonstida er altfor kort til at folk kunne bringa smitte med seg over Atlanterhavet og begi seg på ein to vekers ferd innover det amerikanske kontinent før sjukdomen braut ut. Indianerne ville jo òg vore smitta, og dei har ikkje vore ute for Svartedauden

Fortøyningshula[endre | endre wikiteksten]

Frå Canada i nord til Missouri i sør har ein funne «fortøyningshull» som nokon meiner er kjent frå norske fjordar og langs svenske vassvegar. Dei er forvitra såpass at dei vert sett på å vera ein del hundre år gamle. Eitt døme er Viking Altar Rock i Minnesota. Òg her refererer ein til kong Magnus' ekspedisjon av «vikingar», utan omsyn til at vikingtida var avslutta ved slaget ved Stiklestad, meir enn tre hundre år før kong Magnus angiveleg skulle ha sendt sina menn vestover.[14] Ved Cormorant-sjøen, ikkje langt unna Kensington, har ein òg funne slike fortøyningshuller.[15]

Ein skal merka seg at slike fortøyningshull er kjent i Noreg gjennom vandresagn, men at dei ved nærare ettersyn ikkje kan påvisast. Dei er dessutan ikkje forenleg med vikingtida og skipsteknologien i tidleg mellomalder. Skipa den gongen var gruntgående, og ved anlegg til land drog ein dem opp i fjøra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bengtson, John D.: The Kensington Rune Stone: A Study Guide, s.8
  2. Blegen, Theodore Christian (1968): The Kensington rune stone: new light on an old riddle Minnesota Historical Society Press, s. 166
  3. [http://enc.slider.com/Enc/Kensington, s.1
  4. Holand, Hjalmar R. (1956): Explorations in America before Columbus, Twayne Publishers
  5. Blegen, Theodore Christian (1968): The Kensington rune stone: new light on an old riddle, Minnesota Historical Society Press, s. 70
  6. Richardson, Jim; Richardson, Allen (2004): Gonzo Science: Anomalies, Heresies, and Conspiracies, Cosimo, Inc., s.144
  7. http://www.aftenposten.no/viten/article774180.ece
  8. https://web.archive.org/web/20080804063959/http://tysnes-sogelag.net/mambo2/personsoge/p-l-knutsson-og-kensington-steinen.html. Arkivert frå originalen 2008-08-04. 
  9. [http://www.bbhc.org/pointswest/PWArticle.cfm?ArticleID
  10. http://jdbengt.net/articles/kensington.pdf (s.5)
  11. http://www.tidsskriftet.no/?seks_id=362275
  12. http://oldtiden.natmus.dk/udstillingen/bronzealderen/viksoe_hjelmene/viksoe_hjelmenes_opbygning/
  13. http://runeberg.org/salmonsen/2/4/0185.html
  14. http://www.co.todd.mn.us/TODDCOUNTY/history0028.asp#INLINK001 Arkivert 22. mai 2009 på Wayback Machine.Wayback MachineArkivert 22. mai 2009 på Wayback Machine.
  15. http://books.google.no/books?id=qpdxhqewliAC&pg=PA328&lpg=PA328&dq=cormorant+lake+minnesota+Norway+boulders&source=bl&ots=j9dR5tj7C-&sig=TrqUBIDs8nfDZ7umcO6r9NqMhO0&hl=no&ei=XNvRSeCzLMG2jAeSiNX1Bg&sa=X&oi=book_result&resnum=7&ct=result

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]