Kent Johanssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kent Johanssen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. juni 1970 (53 år)
Noreg
Idrett skihopping

Kent Johanssen (fødd 30. juni 1970 i Oslo) er ein tidlegare norsk skihoppar. Han vann VM-sølv i 1991 og kom elles to gongar på pallen i verdscupen. Frå NM-tevlingar fekk han med seg tre sølv- og to bronsemedaljar. Johanssen tevla for Bækkelagets Sportsklub.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Johanssen debuterte i verdscupen den 5. mars 1989 med å bli nr 3 i Holmenkollen, bak den suverene vinnaren Jens Weissflog frå DDR og landsmannen Jon Inge Kjørum. Ei dryg veke etter vart Johanssen verdsmeister for juniorar, på heimebane på Vang i Hedmark. Helga deretter deltok han i verdscupen Planica, der han enda på andreplassen.

Før verdsmeisterskapen i Val di Fiemme i 1991 var det små forventingar til Johanssen. Rett nok tok han sølv i begge NM-tevlingane, bak Espen Bredesen, men ein 20. plass i Oberstdorf var den beste plasseringa i verdscupen. Han overraska stort under rennet i normalbakken, berre slått av austerrikaren Heinz Kuttin. Resten av verdsmeisterskapen og verdcupsesongen hamna han svært langt ned på resultatlistene.

Sesongane 1993-95 var Johanssen ute av landslaget. Han kom med att i 1995, og presterte eit par gode tevlingar. Ein fjerdeplass i Oberhof på forsesongen 1995/96 var hans beste plassering. Seinare same sesongen vekte han stor åtgaum då han ved landinga på 110 meter under NM i Kløvsteinbakken i Meldal miste eine skia. Med eit lite stykke kunst makta Johanssen å halde seg ståande på den gjenverande skia til over fallgrensa, og vart nummer fire.

Han la opp i 1997.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1989: Nr 2 i Planica og nr 3 Holmenkollen (debut)
  • 1990: Nr 8 i Örnsköldsvik
  • 1990/91: Sølvmedalje i normalbakken under ski-VM i Val di Fiemme
  • 1995: Nr 12 i Holmenkollen
  • 1995/96: Nr 4 i Oberhof
  • 1996/97: Nr 7 på Lillehammer

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]