Kent Nielsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kent Nielsen
Kent Nielsen 20110831.jpg
Fødd 28. desember 1961
Frederiksberg
Yrke fotballspelar, fotballtrenar
Kent Nielsen på Commons

Kent Nielsen (fødd 28. desember 1961) er ein dansk fotballtrenar og tidlegare -spelar frå Frederiksberg. Midtstopparen vart europameister med Danmark i 1992 og spelte 54 landskampar i tida 1983-92. Han har elles vunne både den nasjonale serien og cupen som spelar, såvel som trenar.

Nielsen spelte på Brønshøj BK frå 1980 til -86. Han fekk sin landslagsdebut 5. oktober 1983 mot Polen. Frå 1987 til sommaren 1989 hadde han suksess med Brøndby IF, og vann to seriegull og den nasjonale cupmeisterskapen. Deretter gjorde han teneste i forsvarsrekka til engelske Aston Villa FC i to sesongar, men med ny trenar hausten 1991 mista han plassen i fyrsteellevaren. Tidleg i 1992 gjekk han til Aarhus GF (AGF) og tok plass i forsvaret til han la opp etter 1994-sesongen. Under EM i fotball 1992 i Sverige deltok han i fire av dei fem kampane til Danmark, mellom anna finalen i Göteborg, der han gjorde ei flott redning på målstreken, i ein kamp Danmark vann med 2-0 over Tyskland. EM-finalen vart hans siste i den danske landslagsdrakta. Han skåra tre mål for Danmark på 59 oppgjer.

Sidan 2000 har Nielsen vore klubbtrenar i dansk toppfotball. Lengst tid har han hatt hos AC Horsens 2001-08 og Aalborg BK 2010-15.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Spelar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1992 med Danmark
  • Dansk seriemeister: 1987 og 1988 med Brøndby IF
  • Dansk cupmeister: 1986 med Brøndby IF

Trenar[endre | endre wikiteksten]

  • Dansk seriemeister: 2014 med Aalborg BK
  • Dansk cupmeister: 2014 med Aalborg BK

Kjelder[endre | endre wikiteksten]