Karbala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kerbala)
Hopp til navigering Hopp til søk
Karbala
arabisk كَربَلَاء, Karbalāʾ, Kerbala
by
Kerbela Hussein Moschee.jpg
Land Flag of Iraq.svg Irak
guvernement Karbala
Folketal 690 100 (2014) [1]
Grunnlagd 690

Karbala
32°37′0″ N 44°1′0″ E
Wikimedia Commons: Karbala

Karbala (arabisk كَرْبَلَاء, Karbalā’, tyrkisk Kerbela, persisk کربلاء) er ein by sentralt i Irak, kring 100 km sørvest for Bagdad, og nokre kilometer aust for Milhsjøen.[2][3] Karbala er hovudstad i Karbala guvernement og har kring 700 000 innbyggjarar (2015).

Byen er mest kjend for Ghazwaṫ Karbalā’ (arabisk غَـزوَة كَـربَـلَاء), slaget ved Karbala) i år 680, eller Masjidayn (arabisk مَـسـجِـدَيـن), dei to moskéane til imam Hussein og Abbas,[4][5] og vert rekna som ein heilag by for sjiaislam til liks med Mekka, Medina og Jerusalem. Titals millionar av sjiamuslimar vitjar staden to gonger i året, og rivaliserer med Mekka som pilegrimsstad.[6][7][8][9] Martyrdomen til imam Husayn ibn Ali vert feira kvart år av millionar av sjiamuslimr,[10][11][12][13] Opp til åtte millionar pilegrimar vitjar byen kvart år for å få med seg asjura (arabisk عَـاشُـورَاء), «tiande dagen» {i månaden Muharram}), som markerer minnefeiringa av dødsdagen til Imam Husayn, men hovudhendinga er arba‘in (arabisk أَربَـعِـيـن), 40. dagen etter asjura), der opp til 22 millionar vitjar dei heilage gravene. Dei fleste pilegrimane reiser barføtt frå heile Irak og meir enn 56 andre land.[14]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Karbala har eit halvtørt klima med ekstremt varme, tørre somrar og kjølige vintrar. Nesten all nedbøren fell mellom november og april kvart år, men ingen av månadane er særskild våte.

Klimadata for Karbala
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 15.7 18.8 23.6 30.6 36.9 41.5 43.9 43.6 40.2 33.3 23.7 17.6 30,78
Normal min. temp. °C 5.4 7 11.2 17.1 22.5 26.3 28.8 28.2 24.3 19 11.6 6.9 5,4
Nedbør (mm) 17.6 14.3 15.7 11.5 3.5 0.1 0 0 0.3 4.1 10.5 15.3

Normal mengd nedbørdagar 7 5 6 5 3 0 0 0 0 4 5 7 42
Kjelde: World Meteorological Organisation (UN)[15]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Slaget ved Karbala[endre | endre wikiteksten]

Øydelegginga av grava til Husain i Kerbela etter ordre frå kalifen al-Mutawakkil.

Karbala er viktig i sjia-tradisjonane på grunn av slaget ved Karbala, som vart utkjempa der den moderne byen ligg den 10. oktober 680 evt. Både imam Hussein ibn Ali og broren Abbas ibn Ali vart gravlagd av den lokale Banī Asad-stamma, som seinare vart kjende som Mashhad Al-Hussein. Sjølve slaget skjedde fordi Hussein nekta å godt kravet til Yazid I om truskap for kalifatet sitt. Kufan-guvernøren Ubaydallah ibn Ziyad sende tusenvis av ryttarar mot imam Hussein då han reiste til Kufa. Ryttarnae, under 'Umar ibn Sa'd, hadde ordre om å nekte imam Hussein og følgjarane hans vatn, for å tvinge imam Hussein til å gå med på å sverje truskap. På den niande dagen i muharram, nekta imam Hussein, og bad om å få natta til å be. 10. muharram bad imam Hussein ibn Ali morgonbøna og leia soldatane sine i kamp i lag med broren Al-Abbas. Mange av følgjarane til Hussein, inkludert alle sønene hans som var der, Ali al-Akbar, Ali al-Asghar (nokre månader gammal) og nevøane Qassim, Aun og Muhammad, vart drepne.[16]

I 682 evt. sleppte Yazid ibn Mu'awiya dei gjenlevande familiemedlemmane til imam Hussein fri frå fengsel. På vegen deira til Mekka stoppa dei på åstaden for slaget. Det er registrert at Sulayman ibn Surad drog her på pilegrimsferd så tidleg som i 685 evt. Byen byrja som ei grav og heilagdom til Hussein og voks til å bli ein by for å ta seg av behova til pilegrimane. Byen og gravene vart utvida under dei muslimske herskarane, men vart stadig øydelagde av angripande armear. Dei opphavlege heilagdomane vart øydelagd av abbaside-kalifen Al-Mutawakkil i 850, men bygt opp att i den noverande forma si kring 979, berre for å bli delvis øydelagd av ein brann i 1086, og så bygt opp att nok ein gong.

Nyare tid[endre | endre wikiteksten]

Som Najaf leid byen av vassmangel som først vart løyst tidleg på 1700-talet då det vart bygt ei demning ved Husseiniyya-kanalen. I 1737 erstatta byen Isfahan i Iran som det viktigaste senteret for sjiamuslimsk lærdom. Midt på 1700-talet vart han dominert av dekanen Yusuf Al Bahrani, ein sentral forkjempar for Akhbari-tradisjonen innan sjia-læra, fram til han døydde i 1772,[17] då den meir statssentriske Usuli-skulen tok over.

21. april 1802 plyndra wahhabiar Karbala,[18] under styret til Abdul-Aziz bin Muhammad den andre herskaren i den første saudiarabiske staten. 12 000 wahhabiar frå Najd deltok i åtaket.[19] Wahhabiane tok livet av 2 000-5 000 innbyggjarar og plyndra grava til Husayn ibn Ali, barnebarnet til Muhammed og sonen til Ali bin Abi Talib, og øydela kuppelen over grava. Dei tok i tillegg store mengder gull, persiske teppe, pengar, perler og våpen, som var gjevne til gravene som donasjonar. Åtaket varte i åtte timar og wahhabiane forlet byen med meir enn 4 000 kamelar som bar utbyttet deira.[20]

Dette den saudiarabiske invasjonen vart byen delvis sjølvstyrt under osmanarane og vart styrt av ei gruppe gjengar og mafialiknande allierte medlemmar av ulamaen. For å sikre seg autoriteten sin, kringsette den osmanske hæren byen. 13. januar 1843 gjekk osmanske soldatar inn i byen. Mange av leiarane i byen flykta og let forsvaret av byen over til handelsstanden. Kring 3 000 arabarar vart drepne i byen og ytterlegare 2 000 utafor bymurane (som utgjorde kring 15 % av folketalet i byen). Tyrkarane mista 400 mann.[21] Dette gjorde at mange studentar og lærde flytta til Najaf, som vart det viktigaste religiøse senteret for sjiamuslimane.[22] Mellom 1850 og 1903 fekk Karbala inn store mengder pengar gjennom Awadh-arv. Den sjia-styrte indiske provinsen Awadh, av britane kalla Oudh, hadde alltid sendt pengar og pilegrimar til den heilage byen. Oudh-pengane, 10 millionar rupi, kom i 1825 frå nawaben av Awadh, Ghazi-ud-Din Haider. Ein tredjedel skulle gå til konene hans, og dei andre to tredjedelane gjekk til dei heilage byane Karbala og Najaf. Då konene hans døydde i 1850 vart pengane samla saman med renter av det britiske East India Company. EIC sende pengane til Karbala og Najaf etter ynskje frå konene, i håp om å gje britane gunst hos ulamaen. Dette oppnådde dei ikkje.[23]

Moské i Karbala (1932)

Utviklinga av Karbala vart sterkt påverka av persarane, som var det dominerande samfunnet i mange år. Kammouna-familien var vaktarar over heilagdomane i mange år og styrte i røynda byen fram til han fall til Det britiske imperiet i 1915. Kammouna-familien gav styret av byen over til britane og prøvde å samarbeide med dei, men mange av klanane av i Karbala var i mot den utanlandske invasjonen. Ein av desse klanane var Awad, som hadde halde til i byen i over 500 år.[24] I lag med andre klanar kjempa dei direkte mot britane. Etter å ha blitt driven ut av byen, kom klanen sidan attende og er framleis ein innverknadsrik familie i byen i dag.

På grunn av sjiatradisjonane i byen, vart han handsama med mistru av sunni-herskarane i Irak. Under styret til Saddam Hussein vart dei religiøse sjia-feiringane i byen sterkt avgrensa og mange ikkje-irakiske sjiamuslimar fekk ikkje reise til byen i det heile tatt.

I mars 1991 vart byen hardt skadd og mange drepne under eit lokalt sjia-opprør. Opprøret vart brutalt slått ned av regimet til Hussein. Heilagdomar og kringliggande sjiahus, gravplassar og sjukehus vart pepra med geværkuler og skyts. I april 1991 byrja Saddam Hussein eit omfattande rivingsprosjekt kring heilagdomane for å dekkje området rundt dei med betong. Denne «sanitære sona» skapte vide, opne rom mellom og rundt heilagdomane. Heilagdomane vart bygde opp att i 1994.[25] Etter den amerikansk-leia invasjonen av Irak i 2003, tillegg administrasjonen på ny utanlandske sjia-pilegrimar uavgrensa tilkomst til asjura-heilagdomane. Titusenvis av sjiamuslimr frå andre land strøymde til dei amerikanske ambassadane for å visum til å delta på asjura i Karbala. Pilegrimsreisa i 2004 var den største på fleire tiår og over ein million menneske frå heile verda, men flest irakarar, vitja staden. Asjura dette året vart skjemd av eit bombeåtak den 2. mars 2004, kjend som ashoura-massakren, som tok livet av og skadde hundrevis av pilegrimar, trass i strenge tryggingstiltak.

14. april 2007 eksploderte ei bilbombe kring 200 meter frå heilagdomen og 47 mista livet[26] medan over 150 vart skadde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Iraq: guvernements, Regions & Major Cities - Population Statistics in Maps and Charts». 
  2. «Iraq: Livelihoods at risk as level of Lake Razaza falls». IRIN News. 5. mars 2008. Henta 27. februar 2021. 
  3. Under Fire: Untold Stories from the Front Line of the Irakkrigen. Reuters Prentice Hall. January 2004. s. 15. ISBN 978-0-13-142397-8. 
  4. Shimoni & Levine, 1974, s. 160.
  5. Aghaie, 2004, s. 10-11.
  6. Malise Ruthven (2006). Islam in the World. Oxford University Press. s. 180. ISBN 9780195305036. 
  7. David Seddon (11 Jan 2013). Political and Economic Dictionary of the Middle East. Karbala (Kerbala): Routledge. ISBN 9781135355616. 
  8. John Azumah; Dr. Kwame Bediako (Contributor) (26. mai 2009). My Neighbour's Faith: Islam Explained for African Christians. Main Divisions and Movements Within Islam: Zondervan. ISBN 9780310574620. 
  9. Paul Grieve (2006). A Brief Guide to Islam: History, Faith and Politics : the Complete Introduction. Carroll and Graf Publishers. s. 212. ISBN 9780786718047. 
  10. Malise Ruthven (2006). Islam in the World. Oxford University Press. s. 180. ISBN 9780195305036. 
  11. David Seddon (11 Jan 2013). Political and Economic Dictionary of the Middle East. Karbala (Kerbala): Routledge. ISBN 9781135355616. 
  12. John Azumah; Dr. Kwame Bediako (Contributor) (26. mai 2009). My Neighbour's Faith: Islam Explained for African Christians. Main Divisions and Movements Within Islam: Zondervan. ISBN 9780310574620. 
  13. Paul Grieve (2006). A Brief Guide to Islam: History, Faith and Politics : the Complete Introduction. Carroll and Graf Publishers. s. 212. ISBN 9780786718047. 
  14. «Interactive Maps: Sunni & Shia: The Worlds of Islam». PBS. Henta 27. februar 2021. 
  15. «World Weather Information Service – Karbala». United Nations. Henta 1. januar 2011. 
  16. al-Tabari, Muhammad ibn Jarir – History of the Prophets and Kings; Volume XIX The Caliphate of Yazid ibn Muawiyah, translated by I.K.A Howard, SUNY Press, 1991
  17. Juan Cole, Sacred Space and Holy War, IB Tauris, 2007 p71-2
  18. Staff writers. «The Saud Family and Wahhabi Islam, 1500-1818». www.au.af.mil. Henta 27. februar 2021. 
  19. Martin, Richard C., red. (2003). Encyclopedia of Islam and the Muslim world ([Online-Ausg.] utg.). New York: Macmillan Reference USA. ISBN 0-02-865603-2. OCLC 52178942. 
  20. Vassiliev, Alexei. The History of Saudi-Arabia (på engelsk). Saqi. ISBN 978-0-86356-779-7. Henta 27. februar 2021. 
  21. Cole, Juan R.I. og Moojan Momen. 1986. «Mafia, Mob and Shiism i Irak: The Rebellion of Ottoman Karbala 1824-1843.» Past & Present. No 112: 112-143.
  22. Cole, Juan R. I. Sacred Space and Holy War: the Politics, Culture and History of Shi'ite Islam. London: I.B. Tauris, 2002.
  23. A Failed Manipulation: The British, the Oudh Bequest and the Shī'ī 'Ulamā' of Najaf and Karbalā'. Meir Litvak, British Journal of Middle Eastern Studies, JSTOR 826171
  24. Direct primary source of survivor
  25. «ENDLESS TORMENT - The 1991 Uprising in Iraq And Its Aftermath», www.hrw.org, henta 28. februar 2021 
  26. Hamourtziadou, Lily (27. februar 2021). «'A Week i Irak'». iraqbodycount.org. Arkivert frå originalen 2007-04-29. Henta 27. februar 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Karbala
Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Karbala frå Wikivoyage