Kerið

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kerið

Kerið er ein vulkansk kratersjø sør på sentrale delar av Island ved ein populær turistveg kalla Den gylne sirkelen. Han er ein av fleire kratersjøar i området, danna då landområdet flytta seg over eit lokalt varmepunkt, men han er ein av dei mest synlege kalderaane som framleis er intakt. Kalderaen, som anna vulkansk stein i området, består av raud vulkansk stein. Kalderen er om lag 55 meter djup, 170 meter brei og 270 meter lang. Kalderan er estimert til å vere om lag 3 000 år gamal, berre halvparten så gamal som det omliggande vulkanske landskapet.

Det meste av krateret har bratte sider med lite vegetasjon, men ein vegg er slakare og er dekt av eit teppe med djup mose. Sjølve vatnet er forholdsvis grunt, 7-10 meter avhengig av regnfall og andre faktorar, men på grunn av mineral i jordsmonnet er han ikkje gjennomsiktig og kraftig blågrøn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kerið