Kerning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ukerna teiknpar til venstre og kerna teiknpar til høgre. Legg merke til skilnaden i mellomromma mellom teikna som er merkte med raude liner.

Kerning er, i typografien, den minkinga eller aukinga som vert gjord mellom bokstavpar for å ivareta eit godt tekstbilete, slik at det vert lettare å lesa teksten. Ein godt kerna tekst vil gje inntrykk av at mellomromma mellom kvart teikn er like.

Kerning bør ikkje blandast med sperring eller kniping, som i staden vert gjorde for å auka og minka avstanden mellom alle teikn i eit ord.

I dei fleste skrifttypane finst det informasjon om kerningavstanden innebygd, men ofte er det naudsynt å endra avstanden manuelt. I program som InDesign finst det ein funksjon som gjer det mogeleg å nytta såkalla optisk kerning, som lagar ein høveleg kerningavstand.

Før i tida, då blytypar vart nytta, var det vanskeleg å endra kerningavstanden mellom to teikn (særleg f og i, som vert synte på biletet). Difor tok ein til å laga blytypar med to eller fleire teikn på, og desse vert kalla ligaturar.