Kerrin Lee-Gartner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kerrin Lee-Gartner
Fødd 21. september 1966
Trail
Yrke alpinist

Kerrin Lee-Gartner (fødd 21. september 1966) er ein kanadisk tidlegare alpin skirennar frå Trail i British Columbia, som vart olympisk meister i utfor i 1992.

Under Vinter-OL 1992 i Albertville vann Lee-Gartner eit av dei tettaste utforrenna i OL-soga. Med tida 1.52,55 tok ho gullmedaljen med ein margin på seks hundredels sekund til Hilary Lindh frå USA og ni hundredelar til austerrikske Veronika Wallinger, medan dei to store førehandsfavorittane, tyske Katja Seizinger og Petra Kronberger frå Austerrike, kom berre hundredelar etter bronsevinnaren.

Lee-Gartner vann aldri eit renn i verdscupen i alpine greiner. Mellom desember 1990 og januar 1994 sikra ho seg seks pallplasseringar, fire i utfor og to i super-g. Ho la opp etter 1994-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

FIS-biografi