Kersti Kaljulaid
Kersti Kaljulaid | |
![]() | |
Fødd | 30. desember 1969 (53 år) Tartu |
---|---|
Statsborgar av | Estland |
Parti | Fedrelandsunionen |
Yrke | embetsmann, konsulent, direktør, politikar, forretningsdrivande, deltakar i internasjonale forum |
Institusjonar | Hansapank Universitetet i Tartu |
Utdanna ved | Universitetet i Tartu Tallinn Mustamäe College |
Ektefelle | Georgi-Rene Maksimovski |
Medlem | Revisjonsretten |
Kersti Kaljulaid (fødd 30. desember 1969 i Tartu) er ein estisk økonom og liberalkonservativ politikar som frå 10. oktober 2016 til 11. oktober 2021 var den femte presidenten i Estland.[1] Ho er det fyrste kvinnelege statsoverhovudet i Estland sidan landet vart uavhengig i 1918. Ho vart også den yngste som har vore president i landet, i ein alder av 46.[2]
Kaljulaid har hatt ei rekkje leiande stillingar i næringslivet, og var økonomisk rådgjever for Estlands statsminister Mart Laar frå 1999 og 2002. Då Estland vart medlem av EU i 2004, vart Kaljulaid peika ut som den estiske representanten i Revisjonsretten. Ho sat der fram til ho vart Estlands president i 2016.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Estonian parlt elects Kersti Kaljulaid president, baltictimes.com. Besøkt 3. oktober 2016
- ↑ Former European auditor Kersti Kaljulaid elected president of Estonia Estonian World, 2. oktober 2016. Hentet 3. oktober 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Kersti Kaljulaid» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mars 2023.