Kerzjenets
Utsjånad
| Kerzjenets | |||
| elv | |||
Kerzjenets nær Ozero jernbanestasjon | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Nedslagsfelt | 6 140 km² | ||
| Lengd | 290 km | ||
| Munning | Volga | ||
![]() Kerzjenets 56°05′25″N 44°57′51″E / 56.090277777778°N 44.964166666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Kerzhenets | |||
Kerzjenets (russisk Керженец) er ei elv i Nizjegorod oblast i Russland, og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Ho munnar ut i Volga nær Lyskovo, om lag 70 km aust for Nizjegorod.
Det var tidlegare fleire busetnader av Dei gammaltruande (kalla Керженские скиты, eller Kerzjenets-klostera) langs Kerzjenets på 1600-1800-talet. Innbyggjarane vart kalla kerzjakkar (Кержаки).
