Ketil Gjessing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ketil Gjessing
Yrke lyrikar

Ketil Gjessing, (fødd 18. februar 1934 i Oslo) er ein norsk lyrikar. Han er utanna mag.art. og cand. philol. med litteraturvitskap (hovudfag), engelsk og musikk ifrå Universitetet i Oslo 1965.

Arbeid[endre | endre wikiteksten]

Gjessing jobba som lærar i norsk ved Atlantic College i St. Donat´s South Wales, i England 1965-1966; Gjessing jobba som programsekretær i NRK Radioteatret frå 1966. Han er no pensjonist.

Organisasjonsmedlemskap: Den norske forfatterforening, Norsk forfattersentrum, Norsk oversetterforening, Språkleg samling, Folkereising mot krig, Norsk tjenestemannslag. Redaksjonsmedlem i Pax og Profil.

Utgjevne dikt:[endre | endre wikiteksten]

  • Kransen om et møte - 1962
  • Frostjern - 1968
  • Private steiner - 1970
  • Utgående post - 1975
  • Snøen som faller ifjor - 1977
  • Bjelle, malm - 1979
  • Vinger, røtter - 1982
  • Slik pila synger i flukten - 1985
  • Nådefrist - 1988

Ein del dikt og artiklar har blitt publiserte i Edda, Pax, Profil, Samtiden, Vinduet og andre tidsskrift, også i utlandet, og i ein del aviser.

Han har vore representert i fleire antologiar, med novelle i Norske sengehester (1966, også på japansk og svensk), og med dikt i Ti unge, Nye navn i norsk kunst, I grenselandet, Amor Roma, La hundre blomster blomstre, Moderne norsk lyrikk og andre, også ein slovakisk antologi over norsk lyrikk. Fleire omsetjingar av høyrespel frå engelsk og spansk, alt i hovudsak frå den tredje verda, mellom anna Soyinka, samt høyrespelversjonar av scenedramatikk, dessutan dramatisering for radio av novella «Kjenner du når jeg gjør slik» (Robert Sheckley).

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Leif Gjessing. Grømstad Gjessingene og dets etterkommere i 300 år: Ei slektsbok som består av innsendte bidrag frå dei som blir omtala.