Heptose
(Omdirigert frå Ketoheptose)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Heptosar er monosakkarid som inneheld sju karbonatom. Dei kan delast inn etter kva for posisjon den funksjonelle gruppa har. Aldoheptosar har ei aldehydgruppe i 1-posisjon og ketoheptosar har ei ketongruppe i 2-posisjon.
Berre eit fåtal heptosar er kjende frå naturen. Blant desse er sedoheptulose, mannoheptulose, som finst i avokadoar, og L-glysero-D-manno-heptose.
Aldoheptosar har fem kirale senter, medan ketoheptosar har fire.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Heptose» frå Wikipedia på engelsk, den 21. januar 2017.