Ketch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ketsj)
Redningsskøyene Colin Archer bygde var ketchrigga.

Ein ketch, eller ketsj, er ein seglbåt med to master. Han kan vere gaffelrigga eller bermudarigga. Den fremre masta, Stormasta, er oftast ein god del høgre enn den bakre, mesanmasta. På ein ketch står mesanmasta framom bakre punkt på konstruksjonsvasslinja. Ho står og oftast framom rorstamma. Ketchriggen var vanleg på mindre nordeuropeiske fartøy. Han er vanleg på større fritidsbåtar.

Ketchrigga fartøy har etter måten stort seglareal. Dei mange, heller små, segla gjer det enkelt å minske seglarealet. Mange fartøy har ein mindre klyver for bruk i hard vind. I hard vind kan det og vert segla med få segl; Storsegl og fokk, eller mesan og fokk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sjøfartsleksikon - en maritim håndbok. Teknologisk Forlag 1980