Ketura i Israel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ketura
קְטוּרָה
kibbutz
Land  Israel
Region Arabah
Distrikt Det sørlege distriktet
Koordinatar 29°58′3.36″N 35°4′15.24″E / 29.9676000°N 35.0709000°E / 29.9676000; 35.0709000
Folketal 485 (2015)
Grunnlagd November 1973
 - Grunnlagd av amerikanske immigrantar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Ketura i Israel
29°56′03″N 35°04′15″E / 29.934166666667°N 35.070833333333°E / 29.934166666667; 35.070833333333
Wikimedia Commons: Ketura

Ketura (hebraisk skrift קְטוּרָה) er ein kibbutz nord for Eilat i Arabahdalen. Han har fått namn frå ein ås i nærleiken, og er kalla opp etter den andre kona til Abraham (Første mosebok 25:1). Han har kring 130 medlemmar og 150 barn. Kring ein tredjedel av medlemmane er innfødde israelarar, medan resten kjem frå USA, Canada, Storbritannia, Sør-Afrika, Australia, Spania, Frankrike, Latin-Amerika, Sveits, Nederland, New Zealand og det tidlegare Sovjetunionen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Daddelpalme frå Judea i kibbutz Ketura i Israel, kalla Methuselah.

Ketura vart grunnlagd i november 1973 av ei gruppe unge amerikanarar. Vanskar dei første åra frustrerte mange av innbyggjarane, og fleire av dei flytta derifrå. Samstundes byrja immigrantar og medlemmar av den israelske speidarrørsla å flytte til kibbutzen. Folkeveksten førte til ein meir stabil livsstil for innbyggjarane.

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Ketura er ein del av Den grøne kibbutzrørsla og har vore pionerar innan mange nye økologiske metodar og tilnærma seg miljøvennlege vanar.

Arava Institute for Environmental Studies (AIES) ligg her og fremjar regionalt samarbeid mellom israelarar, palestinarar og innbyggjarar frå andre arabiske naboland innan miljøsaker. Det vert òg drive forsking på økologiske problem i regionen, og økosystem i ørkenområde.

Det einaste overlevande dømet på judeisk daddelpalme, kunstig dyrka fram frå 2 000 år gamle frø, vart planta i Ketura og held fram å vekse der.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]