Kevin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Namnetrekket til den australske statsministeren Kevin Rudd.
Den amerikanske basketballspelaren og ordføraren Kevin Johnson.

Kevin er eit engelsk mannsnamn av irsk opphav. Det har norsk namnedag den 11. oktober.

Kevin er ei form av det gæliske namnet Caoimhín, danna av det eldre Cóemgein, som er sett saman av cóem 'ven, mild, snill' og gein, 'fødsel'.

Andre skrivemåtar av namnet er Kevan, Keven og Kevyn. Kevan kan òg knytast til gæliske Caoimheán ('vakker' + 'fødsel'). Den heilage Kevin (Caoimhín), som er vernehelgenen for Dublin, gjorde truleg at namnet blei utbreidd på Irland.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Kevin var først brukt på Irland. Det blei teke i bruk i resten av den engelskspråklege verda frå byrjinga av 1900-talet, og spreidde seg deretter vidare. Det er også blitt populært i fransktalande område.

I 1990 var Kevin det 23. vanlegaste i USA, der 0,67 % av menn hadde dette namnet. I Belgia var det på 40.-plass i 2000 og i Frankrike på 45.-plass i 2004.

Namnet blei først brukt i Noreg på 1940-talet. Bruken steig kraftig på 1990-talet, med ein topp rundt 2000. I 2009 var det 2 967 norske menn som heitte Kevin.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hanks, Patrick; Hardcastle, Kate; Hodges, Flavia (2006), «Kevin», A Dictionary of First Names, Oxford University Press 
  • Judith Siefring, red. (2004), «devil», The Oxford Dictionary of Idioms, Oxford University Press