Kevin Borg
Kevin Borg | |
| |
Fødd | 9. juni 1986 |
---|---|
Fødestad | Floriana på Malta |
Fødenamn | Kevin James Borg |
Alias | Kevin Borg |
Opphav | Sverige |
Aktiv | 2006 – i dag |
Sjanger | Pop |
Instrument | Vokal |
Verka som | Songar |
Kevin James Borg, kjend som Kevin Borg (fødd 9. juni 1986 i Floriana) er ein maltesisk songar. Han bur og arbeider i Sverige, der han òg vart kjend etter at han vann Idol 2008.
Karriere[endre | endre wikiteksten]
I 2006 deltok han i den maltesiske nasjonale finalen i Eurovision Song Contest med songen «You're My Dream», og kom på åttandeplass. Året etter deltok han igjen med songen «Whenever», og kom på fjerdeplass.
I 2006 og 2007 prøvde han å få representere Malta i Eurovision Song Contest, men vann ikkje den nasjonale finalen.
Hausten 2008 deltok han og vann Idol 2008. Han vann med vinnarsongen «With Every Bit of Me» med 76 prosent av røystene.
Debutalbumet hans vart utgjeve i mars 2009. Same vår var han også på turnè i Sverige. 10. juni 2009 song Borg både den maltesiske og den svenske nasjonalsongen før ein VM-kamp i fotball mellom Sverige og Malta på Gamla Ullevi i Göteborg. Seinare i 2009 spelte han hovudrolla i den svenske oppsettinga av High School Musical på Göta Lejon. Seinare var han også med på Allsång på Skansen, der han mellom anna song songar frå High School Musical, saman med Caroline Johansson Kuhmunen. Hausten 2011 hadde han rolla Danny i musikalen Grease på Kristianstad Teater med Underhållningspatrullen.
Fotball[endre | endre wikiteksten]
Borg spelte ei stund fotball i klubben Floriana FC som ligg i den høgaste divisjonen av maltesisk fotball.
Diskografi[endre | endre wikiteksten]
- Album
- 2009: The Beginning
- Singlar
- 2008: Livin' on a Prayer
- 2008: With Every Bit of Me
- 2009: Street Lights
- 2011: Sunrise
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Kevin Borg» frå Wikipedia på svensk, den 7. desember 2011.