Kevin De Bruyne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kevin De Bruyne
De Bruyne med det belgiske landslaget i 2018
Personleg informasjon
Fullt namn Kevin De Bruyne[1]
Fødselsdato 28. juni 1991 (32 år)[2]
Fødestad Drongen i Gent i Belgia[3]
Høgd 1,81 m[4]
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Manchester City
Nummer 17
Ungdomsklubbar
1997–1999 KVV Drongen
1999–2005 Gent
2005–2008 Genk
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2008–2012 Genk 97 (16)
2012–2014 Chelsea 3 (0)
2012–2013Werder Bremen (lån) 33 (10)
2014–2015 VfL Wolfsburg 51 (13)
2015– Manchester City 152 (36)
Landslag
2008–2009 Belgia U18 7 (1)
2009–2010 Belgia U19 10 (1)
2010–2011 Belgia U21 2 (0)
2010– Belgia 74 (19)
Utmerkingar
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 26. juli 2020
‡ Landslagsmål oppdatert 19. november 2019

Kevin De Bruyne (fødd 28. juni 1991) er ein belgisk fotballspelar frå Gent som sidan 2015 har spelt for den engelske fotballklubben Manchester City FC. Han spelar på det belgiske landslaget, som han vann bronsemedalje med landslaget under Fotball-VM 2018.

De Bruyne debuterte med Racing Genk i mai 2009. Han var i 2011 med om å vinne den belgiske og spelte på laget til våren 2012. Sesongen 2012/13 gjorde han teneste i tyske Werder Bremen. Hausten 2013 fekk han prøve seg i Chelsea FC, men vart i januar 2014 overført til VfL Wolfsburg. I den tyske klubben hadde han stor suksess, våren 2015 vann Wolfsborg den tyske cupmeisterskapen og han vart kåra til årets spelar i bundesliagen. På tampen av august 2015 vart De Bruyne overført til Manchester City i England. Han var sentral då klubben frå Manchester i 2018 vann den engeske ligaen.

De Bruyne fekk sin landslagsdebut for Belgia i august 2010 mot Finland i Turku. Han deltok både i Fotball-VM 2014, EM i fotball 2016 og i Fotball-VM 2018 i Russland. Under verdsmeisterskapen i Russland var han ein sentral spelar då Belgia sikra seg bronsen med siger 2-0 over England. De Bruyne har spelt 68 landskampar og skåra 15 mål for Belgia pr juli 2018.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • VM-bronse: 2018 for Belgia
  • Belgisk seriemeister: 2010 med Racing Genk
  • Engelsk ligameister: 2018 med Manchester City
  • Tysk cupmeister: 2015 med VfL Wolfsburg
  • Engelsk ligacupvinnar: 2016 og 2018 med Manchester City

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Updated squads for 2017/18 Premier League confirmed». Premier League. 2. februar 2018. Henta 12. februar 2018. 
  2. «FIFA World Cup Russia 2018: List of players: Belgium» (PDF). FIFA. 15 July 2018. s. 3. Henta 11 June 2019. 
  3. «Kevin De Bruyne: Profile». worldfootball.net. HEIM:SPIEL. Henta 11. juni 2019. 
  4. «K. De Bruyne: Summary». Soccerway. Perform Group. Henta 12. mai 2019.