Kevin Keegan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kevin Keegan


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 14. februar 1951 (73 år)
Armthorpe
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1982, EM i fotball 1980, EM i fotball 2000

Utmerkingar

offiser av Den britiske imperieordenen, Gullballen

Joseph Kevin Keegan (fødd 14. februar 1951) er ein engelsk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Armthorpe ved Doncaster. Han var angrepsspelar i mellom andre Liverpool FC og seinare Hamburger SV, to klubbar han gjorde stor suksess med. Keegan vart kåra til årets fotballspelar i Europa både i 1978 og 1979.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Keegan skreiv kontrakt med Scunthorpe United i 1968 og var aktiv i 3. divisjon til han sommaren 1971 vart overført til Liverpool FC. Dei neste seks sesongane bidrog han mykje til at laget vann tre ligameisterskap, to UEFA-cupar, FA-cupen 1974 og europacupen 1977. Perioden 1977-80 gjorde Keegan teneste i vesttyske Hamburger SV og vart kåra til årets fotballspelar i Europa 1978 og på ny i 1979. Sesongen 1978/79 var han med om å vinne bundesligaen. Våren 1980 tapte han og Hamburg med 0-1 mot Nottingham Forest i finalen i europacupen. Sidan spelte Keegan 1980-82 for Southampton FC og 1982-84 for Newcastle United i engelsk andredivisjon. Våren 1984 sikra Newcastle seg opprykk til 1. divisjon. Keegan ytte mykje med sine 27 ligamål, men kjende på at han var i ferd med å misse det kjappe steget, og bestemte seg for å leggje opp.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Keegan debuterte på det engelske landslaget 15. november 1972. Frå 1976 til 1980 var han kaptein i 31 kampar, mellom anna då England vart slått ut or europameisterskapen 1980. Under verdsmeisterskapen 1982, hans einaste, sleit han med smertar i ryggen og kom på bana fyrst då England rauk ut or turneringa. Keegan spelte sin 63. og siste kamp for England i 1984, han skåra til saman 21 mål.

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Keegan var lagsjef i Newcastle United frå 1992 til 97. Han førte laget til opprykk til Premiere League og andreplass i ligaen i 1996. Frå februar 1999 til oktober 2000 var Keegan landslagssjef for England. Han trekte seg etter at det vart tap 0–1 mot Tyskland i ein kvalifiseringskamp til VM i fotball 2002. Perioden 2001-05 leia han Manchester City, også her tok han laget frå nivå 2 til øvste-ligaen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]