Kevin Mooney

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kevin Mooney
Fødd5. mai 1962 (60 år)
FødestadGreenwich i England
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1980
SjangerRock, pop, punk, elektronisk
Instrumentbassgitar, gitar
Tilknytte artistarWide Boy Awake
Max
The Lavender Pill Mob
Adam and the Ants
Sinéad O'Connor
Leslie Winer
Lee Jason Simeone
PlateselskapRCA, Chrysalis, ZTT, Le Coq Musique
Verka somgitarist, låtskrivar, musikar

Kevin Paul Mooney (fødd 5. mai 1962) er ein engelsk-irsk bassist og gitarist som har arbeidd med Adam Ant, Sinéad O'Connor og andre.

Han spelte bass for Adam and the Ants i 1980 og 1981 og spelte på albumet Kings of the Wild Frontier. Han skipa sidan bandet Wide Boy Awake med bestevenen John Keogh, Harley Price og Horace Carter Allan.

Sidan skipa Mooney bandet Max og arbeidde så med Leslie Winer som ein del av electronicagruppa «C» på album Witch og Spider.

Tidleg i 2000-åra skipa Mooney eit anna band, The Lavender Pill Mob, leia av Gary Asquith, som tidlegare hadde spelt i Rema Rema, Mass og Renegade Soundwave.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Renegade Soundwave Discography at Discogs». Discogs.com. Henta 18. juni 2013.