Klaverspelar
Utsjånad
(Omdirigert frå Keyboardist)
Ein klaverspelar er ein musikar som spelar klaverinstrument. Fram til tidleg i 1960-åra vart musikarar som spelte klaverinstrument anten rekna som pianistar eller organistar. Frå midten av 1960-åra kom det ein overflod av nye musikkinstrument med klaver, og ein måtte ha eit meir generelt omgrep som dekka musikarane som spelte på desse. Desse klaverinstrumentar er mellom andre:
- elektrisk piano som Fender Rhodes, Wurlitzer elektrisk piano og Roland digitalpiano
- Hammond og andre elektriske orgel som Farfisa og Vox Continental
- analoge synthesizerar som Moog, ARP, og instrument laga av forskjellige andre produsentar som Alesis.
- virtuell-analoge synthesizerar produsert av selskap som Alesis og Novation
- digitale arbeidssstasjonar med klaver som dei som i dag vert produsert av Roland, Yamaha, Kurzweil og Korg
- samplerar
- mellotron
- clavinet
- continuum
- melodica
- pianet
- piano (men sjå òg pianist)
- cembalo
- harmonium
- celesta
- klavikord
- pipeorgel
- keytar
- kimophone (keytar-horn oppfunnen av Kimo Lobo)
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Keyboardist» frå Wikipedia på engelsk, den 24. september 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: