Kfar Hittim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kfar Hittim
כְּפַר חִטִּים, כפר חיטים
moshav
Karnei Hittim
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Kommune Nedre Galilea regionale kommune
Koordinatar 32°48′1″N 35°30′9″E / 32.80028°N 35.50250°E / 32.80028; 35.50250
Folketal 504
Grunnlagd 1924
 - Grunnlagd av Jewish National Fund
Kart
Kfar Hittim
32°48′01″N 35°30′09″E / 32.800277777778°N 35.5025°E / 32.800277777778; 35.5025
Wikimedia Commons: Kefar Hittim

Kfar Hittim (hebraisk כְּפַר חִטִּים) var den første tårn og palisade-busetjinga i Israel. Moshaven er eit lite jordbrukssamfunn med 75 familiar,[1] og høyrer til Nedre Galilea regionale kommune i Nord-Israel.

Landområdet som moshaven ligg på vart kjøpt av Jewish National Fund i 1905 med støtte av David Chaim, ein osmansk borgar som tidlegare var tilsett av Edmond James de Rothschild. To tusen dekar land, som bestod av 400 små parsellar, vart kjøpt frå den arabiske landsbyen Hittin. Det første forsøket på å busetje seg der i 1913 vart mislukka på grunn av strid med dei lokale arabarane, vassmangel og mangel på samanhengande land.

I 1924 vart det gjort eit nytt forsøk på busetjing i Kfar Hittin. Førti familiar flytta til staden, der dei budde i trehyttar og bygde ein låve, eit felles hønsebur, ei synagoge og eit vasstårn. I Palestinaopprøra i 1929 vart moshaven angripen av arabarane. Då problema med økonomien og tryggleiken auka, flytta familiane og staden stod heilt tom i 1933. I desember 1936 flytta 11 pionerar inn att i moshaven som då vart ein tårn og palisade-busetjing.

Kfar Hittim (tyder Kveitelandsbyen) ligg nær ei kjend slagmark under det tredje krosstoget. I 1187 slo den muslimske krigsherren Saladin armeen til krossfararane i slaget ved Hattin, noko som førte til kringsetjinga og nederlaget til krossfararane som kontrollerte Jerusalem. Dei to åsane og dalen der slaget fann stad vert kalla Karnei Hittim.[1]

I 2008 vart det annonsert at ein golfbane til 150 millionar USD, teikna av Robert Trent Jones jr., skulle byggjar på landområdet til moshaven.[2]

I følgje folketrua ligg Kever Yitro (grava til Jethro) i moshaven.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]