Kfar Malal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kfar Malal
landsby
Namneopphav: Moshe Leib Lilienblum-landsbyen
Land  Israel
Region Sharonsletta
Distrikt Sentral
Kommune Drom HaSharon
Koordinatar 32°10′4.44″N 34°53′42.35″E / 32.1679000°N 34.8950972°E / 32.1679000; 34.8950972
Areal 1,613 km²
Grunnlagd 1916
Kart
Kfar Malal
32°10′04″N 34°53′42″E / 32.1679°N 34.895097222222°E / 32.1679; 34.895097222222
Wikimedia Commons: Kfar Malal

Kfar Malal (hebraisk skrift כְּפַר מַלָּ"ל) er ein jordbruks-moshav i Sharon-området sentralt i Israel. I 2002 var folketalet 443.[1] Moshaven høyrer til Drom HaSharon regionale kommune.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historisk brunn i Kfar Malal.

Landsbyen vart grunnlagd i 1911 som «Ein Hai» (tyder Fontena til dei levande) på privateigd land.[1] Han fekk seinare namnet Kfar Malal etter Moshe Leib Lilienblum (משה לייב לילינבלום), ein av dei første leiarane av Hovevei Zion-rørsla.[2] Landsbyen vart øydelagd i slag under fyrste verdskrigen, bygd opp att av ei gruppe arbeidarar og rasert att i 1921 under Jaffa-opprøra. I 1922 vart landområdet overført til Jewish National Fund og Kfar Malal vart bygd opp att som ein moshav. Han leid under åtak i arabaropprøra i 1929.[1] Ariel Sharon, den 11. statsministeren i Israel, var fødd i Kfar Malal. Det er sagt at mor hans sov med eit gevær under senga fram til ho døydde etter at ho måtte gøyme seg i fjøset om natta for beduin-bandittar.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]