Kfar Szold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kfar Szold
kibbutz
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Koordinatar 33°11′43″N 35°39′27″E / 33.19528°N 35.65750°E / 33.19528; 35.65750
Folketal 589 (2015)
Grunnlagd 13. november 1942
 - Grunnlagd av Immigrantar frå Mellom-Europa
Tilhøyrsle Ingen
Kart
Kfar Szold
33°11′43″N 35°39′27″E / 33.195277777778°N 35.6575°E / 33.195277777778; 35.6575
Wikimedia Commons: Kfar Szold

Kfar Szold (hebraisk skrift כְּפַר סָאלְד, tyder Szoldlandsbyen) er ein kibbutz i Huladalen i Øvre Galilea i Israel.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kfar Szold vart grunnlagd tidleg i 1940-åra av jødiske immigrantar frå Ungarn, Austerrike og Tyskland og vart kalla opp etter Henrietta Szold, som grunnla Hadassah, ein kvinneleg sionistorganisasjon. Under andre verdskrigen var ho med på å redde born frå Holocaust og transporterte dei til Palestinamandatet, mellom anna til stader som Kfar Szold.

Den 9. januar 1948 kryssa kring 200 arabarar grensa frå Syria og gjekk til åtak på kibbutzen som hemn for eit Haganahåtak på den nærliggande arabiske landsbyen al-Khisas eit par veker tidlegare (Al-Khisas-raidet). Den britiske hæren slo seg saman med dei jødiske forsvararane og brukte artilleri eld til å ta livet av 25 av angriparane.[1]

Før seksdagarskrigen i 1967 hadde Kfar Szold vore eit stadig mål for syriske artilleristillingar i Golanhøgdene.

Den 21. juli 2006 avfylrte Hizbollah Katyusha-rakettar frå Libanon og råka fleire jordbrukssamfunn i Huladalen, mellom anna Kfar Szold. Åtaka førte til fleire skadar på folk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. H. Levenberg, Military Preparations of the Arab Community in Palestine, 1945-1948. (Frank Cass, 1992), p184.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]