Kfar Vradim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kfar Vradim
כְּפַר וְרָדִים
lokal kommune
Namneopphav: Roselandsbyen
Land  Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°59′45.64″N 35°16′30.75″E / 32.9960111°N 35.2752083°E / 32.9960111; 35.2752083
Areal 4,7 km²
Folketal 5 800  (2008)
Folketettleik 1 234 / km²
Grunnlagd 1984
Borgarmeister Sivan Yechieli
Kart
Kfar Vradim
32°59′46″N 35°16′31″E / 32.996011111111°N 35.275208333333°E / 32.996011111111; 35.275208333333
Wikimedia Commons: Kfar Vradim

Kfar Vradim (hebraisk כְּפַר וְרָדִים) er ein by (lokal kommune) i det nordlege Israel med eit folketal på 5800 (2008). Han ligg like sør for Ma'alot-Tarshiha og kring 14 km sør for grensa til Libanon. Kfar Vradim ligg nær store byar som Nahariya (20 kilometer) og Karmiel (16 kilometer). Kfar Vradim vart grunnlagd i september 1984. Grunnleggjaren, Stef Wertheimer, prøvde å skape ein industriby midt i naturen.

Kfar Vradim starta som ein by med 50 til 100 familiar og hadde først ikkje elektrisitet eller innlagt vatn. Dei første familiane som flytta her var hovudsakleg arbeidarar ved ISCAR Metalworking, ein suksessrik fabrikk eigd av Stef Wertheimer som spesialiserte sseg på metallblad og avanserte kuttereiskap. I starten fekk ikkje Kfar Vradim noko støtte frå dei israelske styresmaktene, som ikkje rekna staden som ein eigen by. Dette førte til ei økonomisk krise på staden. Etter kvart vart staden anerkjent og fekk støtte.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Kfar Vradim ligg mellom 550–620 meter over havet, og har eit relativt tørt middelhavsklima. Dei høgaste temperaturane i Kfar Vradim om sommaren er typisk opp mot 38 °C, medan temperaturane i januar og februar kan falle ned til -2 ºC. Middeltemperaturane varierer frå 10 til 16 ºC om vinteren til 28 til 32 ºC om sommaren. Mest nedbør kjem det mellom oktober og mars, som hovudsakleg kjem som regn, og stundom som snø.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]