Kfar Yehezkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°34′1.91″N 35°21′32.4″E
Kfar Yehezkel
כְּפַר יְחֶזְקֵאל
landsby
Namneopphav: Yehezkel-landsbyen
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Jezreeldalen
Kommune Gilboa
Koordinatar 32°34′1.91″N 35°21′32.4″E
Folketal 791 (2008) [1]
Grunnlagd 16. desember 1921
 - Grunnlagd av Pionerar under den andre Aliyah
Tilhøyrsle Moshavimrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Kfar Yehezkel

Kfar Yehezkel (hebraisk כְּפַר יְחֶזְקֵאל, tyder Yehezkel-landsbyen) er ein moshav ovdim nord i Israel. Han ligg i Jezreeldalen, seks kilometer søraust for Afula i Gilboa regionale kommune. I 2007 hadde moshaven eit folketal på 755.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kfar Yehezkel vart grunnlagd den 16. desember 1921 av pionerar under den andre Aliyah. Nybyggjarar frå Tel Hai og Hamara, som vart evakuerte på grunn av arabiske åtak frå Libanon, vart av dei som grunnla staden. Han var den andre moshav ovdim i Palestina, etter Nahalal.

Han heitte opphavleg Ayn Tib'un etter ei nærliggande kjelde, men fekk namnet Kfar Yehezkel til minne om Yehezkel Sassoon, som drukna i Bagdad kort tid før. Sidan han ikkj hadde arvingar, vart hans del av familieføretaket donert av brørne hans til å grunnleggje Kfar Yehezkel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2008. Henta 10. oktober 2014.