Kfarfila

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°28′56″N 35°29′58″E
Kfarfila
كفرفيلا
by
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
Guvernement Nabatieh guvernement
Distrikt Nabatieh distrikt
Koordinatar 33°28′56″N 35°29′58″E
Tidssone EET (UTC+2)

Kfarfila
33°28′56″ N 35°29′58″ E
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg

Kfarfila (arabisk كفرفيلا, òg kalla Kafr Fila) er ein by i Nabatieh guvernement i Sør-Libanon. Han er ein av 243 busetnader i guvernementet og ligg nord i distriktet.

Kfarfila ligg ved foten av Iqlim al-Tuffah-fjella, nær Jbaa, Ain Qana og Ain Bouswar, 582 meter over havet. Han ligg kring 22 km frå Nabatieh og kring 60 km frå hovudstaden Beirut. Innbyggjartalet er kring 2 500.

Byen er kjend for dyrkinga av lauk med ein årsproduksjon på meir enn 28 tonn.

Det er mange grotter i byen som går attende til fønikisk tid, og dei fleste av dei vart nytta som gravplassar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]