Khafji

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Khafji
Ras Al Khafji, الخفجي
by
Land  Saudi-Arabia
Provins Austprovinsen
Koordinatar 28°25′N 48°30′E / 28.417°N 48.500°E / 28.417; 48.500
Folketal 65 000  (2005)
Tidssone AST (UTC+3)
Postnummer 31971
Kart
Khafji
28°25′16″N 48°29′44″E / 28.421111111111°N 48.495555555556°E / 28.421111111111; 48.495555555556
Wikimedia Commons: Khafji

Ras Al Khafji (arabisk رأس الخفجي, Raʾs al-Ḫafğī) eller Khafji (الخفجي) er ein by på grensa mellom Saudi-Arabia og Kuwait. Han ligg i det som før 1970 var den saudiarabiske-kuwaitske nøytrale sonen. Det japanske Arabian Oil Company Ltd signerte ein konsesjonsavtale med den saudiarabiske staten i desember 1957 og med den kuwaitske regjeringa i juli 1958 for utforsking og utvikling av petroleum utaskjers i den nøytrale sonen. Arabian Oil Company oppdaga Kafji-feltet i 1960 og Hout-feltet i 1963.[1]

Det var først då desse oljefunna vart gjort utafor kysten av Khafji at det vart oppretta ei permanent grense i den nøytrale sonen mellom Kuwait og Saudi-Arabia, og Khafji låg formelt i Kuwait. I følgje avtalen skulle begge statane framleis ha like store rettar til alle naturressursar innafor den nøytrale sonen. Då avtale med Arabian Oil Company gjekk ut, gjekk operasjonane på Khafji-felta over til eit selskap som var eigd i felleskap av dei to statane.

Khafji er kjend for slaget ved Khafji, som fann stad i og kring byen i 1991 og markerte den største framrykkinga til Irak gjennom Kuwait og inn i Saudi-Arabia.

Byen har i dag kring 65 000 innbyggjarar (2005).

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Khafji ligg i Austprovinsen i Saudi-Arabia, langs kysten av Persiabukta. Byen ligg 10 km sør for grensa til Kuwait, 130 km sør for Kuwait by og 300 km nord for Dammam.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Khafji har eit tørt klima og ein årsmiddelnedbør på 105 mm, men kor mykje regn som kjem frå år til år varierer mykje, og somme år kan det kome meir enn 200 mm, medan andre berre nokre få. Om sommaren kan temperaturen kome opp i rundt 50 ºC.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 4. september 2011, henta 25. mai 2016