Khaldjidynastiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Khaldji-dynastiet)
Hopp til navigering Hopp til søk
Delhisultanatet under Khaldjidynastiet
Herskarar
År Sultan
1290 Kaiumarth
1290-1296 Djalal al-Din Khaldji
1296 Rukn al-Din II
1296-1316 Ala-ed-Din Khaldji
1316 Shihab al-Din Khaldji
1316-1320 Qutb al-Din Khaldji

Khaldjidynastiet (persisk سلطنت خلجی, også skrive Khalji og Khilji) var eit muslimsk dynasti i Delhisultanatet frå 1290 til 1320. [1][2][3] Det var det andre dynastiet i Delhisultanatet, etter Mamlukdynastiet.

Khaldjidynastiet var kjend for sine valdsame herskarar som erobra mykje av det indiske subkontinentet, og trengde langt inn i hinduområde i sør og vest.[1] Det stod også imot fleire forsøk på mongolske invasjonar av India.[4][5]

Dynastiet blei grunnlagd av Djalal al-Din Khaldji. Den mektigaste herskaren frå dynastiet var Ala-ed-Din Khaldji (1295-1315). Han tok Gujarat frå hinduherskarar, erobra Malwa og utvida riket sitt langt innover Deccan i sør. Etter at han døydde følgde nokre år med opprør og forvirring, før riket igjen blei samla for ei kort tid under det tyrkiske Tughlakdynastiet (1320-1414).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Khalji Dynasty». Encyclopædia Britannica. Henta 13. november 2014. This dynasty, like the previous Slave dynasty, was of Turkish origin, though the Khaljī tribe had long been settled in Afghanistan. Its three kings were noted for their faithlessness, their ferocity, and their penetration of the Hindu south. 
  2. Dynastic Chart The Imperial Gazetteer of India, v. 2, p. 368.
  3. Sen, Sailendra (2013). A Textbook of Medieval Indian History. Primus Books. s. 80–89. ISBN 978-9-38060-734-4. 
  4. Mikaberidze, Alexander (2011). Conflict and Conquest in the Islamic World: A Historical Encyclopedia: A Historical Encyclopedia. ABC-CLIO. s. 62. ISBN 1-5988-4337-0. Henta 13. juni 2013. 
  5. Barua, Pradeep (2005). The state at war in South Asia. U of Nebraska Press. s. 437. ISBN 0-8032-1344-1. Henta 23. august 2010.